INVITASJON  TIL  DELTAKING  I  X-AIR    BONDALSEIDET

24. OG 25.  April 2010

 

 

I Ørsta og Volda vert det arrangert  X2 2010 der to av greinene er paragliding. Den eine er X-air som vert arrangert på Bondalseidet. Himmelseglarane er teknisk arrangør av konkurransen, med Asbjørn Andersen som stemneleiar.

 

Som du kan sjå på heimesida til X2 http://www.x2ski.no/  under X-AIR har vi konkurranse for alle trinn.

Vi vil difor ynskje alle pilotar velkomne til ei fantastisk flyhelg der ingen vert halden utanfor moroa og lærdommen med å konkurrere, eller berre få seg høgdeturar. Alle er velkomne.

Hovudoppleggetet er:

Trinn 2             Mest mogeleg perfekt innflyging og landing med merkelanding

Trinn 3             Termikkflyging. Flest høgdemeter samanlagt. (Må stille med GPS)

Trinn 4 og 5     Distanseflyging i ”kjent terreng”.  (Flyboks ”Bondalen-M”)

 

Påmelding vil du finne på denne sida: http://www.eksponert.no/index.php?cPath=16_70&osCsid=p2m1p11ine1nqq7drsss842l31  

Her kan du velje om du vil delta på arrangementa på Rokken i Volda. Sjå programmet her http://www.x2ski.no/page/program

For dei som lurer på kva Rokken er sjå http://www.rokken.no/  (Underteikna skal prøve å få til etterpåmelding, før brifinga på Bondalseidet laurdag 24/4 Kl. 1000)

 

Dette er eit unikt tilbod til klubbane på nordvestlandet til å samle meir eller mindre ferske og erfarne pilotar i klubben til felles aktivitet. Kanskje kan vi også få til eit opplegg der kvar enkelt klubb kan kåre vinnarar blant sine og kanskje også mellom klubbane.

 

For dei som treng overnatting kan følgjande stader vere aktuelle.

Ørsta Camping                        700 66 477

Bondalselva Camping              700 40 300

Hjørundfjord Camping             700 400 16

Brudevoll Gard/Hytteutleige     700 67 105

Elles er det plass for campingvogner ved nedre heisstasjon på Bondalseidet Skisenter for ein svært rimeleg pris.

 

X2 og Himmelseglarane ynskjer Dykk velkomne til ei fin flyhelg på Bondalseidet i Ørsta

 

Brifing laurdag 24/4 Kl.1000 ved hovudlandinga. Etterpåmelding frå Kl. 0930

 

Stemneleiar er: Hugo Svanøy med tel. 92 66 72 65

Helsing Himmelseglarane

v/Asbjørn Andersen

905  66 308   as.anders@c2i.net.