TANDEMSKJERMEN
Justerete
reglar for klubbens tandemskjermen var vedteke på årsmøte 23. Jannuar 2009.
Bruk av
tandem-klubbskjerm for Volda Ørsta Himmelseglarlag
Tandemskjermen
er himmelseglarlaget sin eigedom, og det er styret som har den daglege driftsretten over
den og kan tilpasse bruks- og utleigevilkåra slik at den tener til måla for
investeringa.
For å nytte skjermen
må utlånaren ha vore hovud-medlem av himmelseglarlaget i minst eitt år før lånet kan
skje.
Skjermen
er oppbevart der styret bestemmer og all bruk skal loggast inn
i no.flightlog.org
med manm på passasjer same dag den vert brukt.
For å nytte skjermen skal alle
brukarar på førehand ha skrive under på leigevilkåra og ha betalt inn eit depositum
på 500 kr på førehand. kto. 3992 40 22950.
Medlemmer som låner
skjermen er økonomisk ansvarleg for eventuelle skadar. Elles gjeld NLF HP-seksjonen sine regler for tandemflyging med
paraglidar.
Skjermen
skal berre brukast i Volda og Ørsta. Dersom det er ynskje om å ta skjermen ut av desse
kommunane, skal dette avtalast med formannen eller den som styret peikar ut som
utleigekoordinator.
Pris:
Alle skal betale for bruk av skjermen.
Leigeprisen per tur er kr. 400,- Dette skal betalast inn til klubben sin konto 3992 40
22950 via internett same dag som den vart brukt.
Leigetakar kan ta seg betalt meir per. tur enn kr. 400,-. Dette beholder piloten sjølv.
Tandemturar med klubbmedlemmar som innehar Seafe- Parapro 2 eller høgre er gratis, men
skal loggast som ovenfor bestemt.
Dersom skjermen ikkje er brukt og ikkje vert innlevert same dag,
blir leiga kr. 200.- pr. dag.
Brukt skjerm som er tørr, skal leverast tilbake til lageret omgåande etter bruk.
Våt skjerm skal tørkast og leverast tilbake snarast råd.
Her må leigetaker orientere utleigekoordinator om dette.
Den som styre har gitt ansvaret for oppbevaring av skjermen skal til ei kvar tid vete
kvar skjermen er og føre utleigebok over den.
Årsmøte i
Volda / Ørsta
Himmelseglarlag
23.
Jannuar 2009.
NB/ Ansvarleg for klubben sin tandenskjerm er for tida :
Elias Mårstøyl. Tel.: 98 28 78 53 og er å finne hos han i Volda.