XC-kurskveld laurdag 22 september.

 

 

Himmelseglarlaget inviterer til XC-kurskveld for pilotar som ønskjer gode tips for ein lang flytur. Ronny Helgesen vil her dele sine erfaringar om temaet termikk og distanseflyging.

Ronny starta med paragliding i 1986 og har vore med på landslaget sida 1989 med unntak av eit år. Han har litt over 2000 timar, PP5, instruktør siden 1987, tandemlisens og sikkerhetskursinstruktør. I år vart han kåra til både Norges- og Nordiskmester!!

I tillegg blir det foto og video show. Vi legger opp til middag ca kl. 20:00 for dei som ønsker det.

Alle er hjarteleg velkommen til Viking fjord hotell laurdag 22 sept. kl. 17:00. Vel møtt helsing styret i Volda/Ørsta Himmelseglarlag.

 

 

Overnatting:

www.vikingfjordhotel.com  Prisar weekend per dag, enkeltrom kr. 799,- og dobbeltrom kr. 999,- www.brudevoll-gard.no Hytteutleige frå 300.- til 800.- per hytte per dag.