Referat Styremøte.

Sak1: Uhell ( beinbrot ) på ein av våre flygarar 1. Juni.
Fagleg leiar orienterte om at han vil fylgje opp saka.Styret vil på haustparten arrangere eit førstehjelpskurs, og samstundes sette fokus på det å ha omsorg for medpilotar som utelandar, -skada eller ikkje skada.

Sak 2. Kurs for fagleg leiar.
Det vert avhelde kurs for fagleg leiar i haust. Hugo får dekt utgifter som ikkje er dekt av seksjonen.

Sak 3. Økonomisk status.
Hugo orienterte om ei forventa behaldning på kr 50 000, - før eventuelle nye utgifter, -og etter ny innbetaling av andel i fjord-året's sitt radiokjøp.

Sak. 4. Heisdrift.
Diskusjon internt blandt heisførarane om status.
Regelverket vert fulgt vidare. Vi legg opp til forslag om endring ovanfor heisselskapet, om at tidspunktet for tidlegaste heisdrift på kvardagar vert flytta fram frå kl. 13:30 til 12:30. (Dette er no avklara med Ole Flø)
Begrunninga for dette er at det i termisk sammanheng er betre, og at vi ikkje reknar med at færre vil få anledning til å delta. ( Avspaseringstidspunkt for mange er lunsjpausa.)
Heisførarane var ellers svært samde om at i helgane GÅR heisa kl. 11:00. Den som kjem etter dette tidspunkt må anten gå, eller vente på neste transport.
Vi er no også ein heisførar mindre grunna skade. Vi går ellers inn i sommarferie, og må rekne med lavare aktivitet på Bondalseidet, både med heisførarar, - og vanlege pilotar.

Sak 5. Instruktør-søknad frå Roy Almestad.
Styret synest det er flott at Roy vil instruere. Styret meiner det er greit og mest rettferdig at kursa vert drevne slik kurset til Ove vert. Instruktør driv kurs gjennom klubben, men i privat regi. Dvs. alle inntekter og (utgifter) tilfell instruktør. Styret set som betingelse at kursa til Ove og Roy skal samordnast ovanfor NAK, slik at vi sikrar klubben vaksenopplæringsmiddlar. ( min 4 elevar pr kurs ).

Sak 6. Sosial kveld.
Klubben arrangerer ein grillkveld i August. Klubben koster Grillkol mv.

Sak 7. Intern konkurranse.
Den går som planlagt, - men innmeldingsfristen  vert fjerna. (forlenga )

Sak.8 Fotokonkurransen.
Der er liten interesse, men den går som planlagt. Tidsfristane for dette vert også opna opp, og vi ber alle som har gode PG-bilder om å stille opp..

Sak 9 Flyradiokjøp.
Styret ber interesserte snarast å melde fra til Hugo Svanøy. Styret bevilgar inntil 14000 kr til dette formålet. Dvs. 5 Radioar. Styret vil vurdere kvar enkelt søknad.

Sak 10. Flyboks.
Arne og Fagleg leiar Hugo får frie hender til å utarbeide ein akseptabel flyboks, i samarbeid med flykontrolltårnet på Vigra.

Sak 11 Vandrepokalen. Roger Lid etterlyser denne.
RL har tredje og siste napp i pokalen. Dvs. han skal eige den til odel og eige. Frå gammalt av var dette den pågåande konkurranse. Styret i 2000 gjekk inn for ny konkurranseform basert på breidde og almen deltaking. Vandrepokalen var gløymt i den samanhengen. RL har gjennom registreriga si i internkonkurranse 2001 dokumentert at han også vann vandrepokalen.
Den vert overlevert i gravert form på grillfesten i August.

Sak 12. Tandemskjerm.
Styret ser vidare på saka. Det må først utredast regelverk for dette, og konkret kostnad. Det var til møtet innhenta tre kostnadsbilder. Bjørn og Alf skal legge fram ei løysing for styret til neste møte.

Sak 13. Gjesteboka.
Ho ligg på is inntil vidare, men ho kan gjenopnast på eige initiativ frå Web-master hvis han vil. - då også med ein passordversjon.

Sak 12. Sikkerheitskurs.
Det har kome fram ynskje frå enkelte medlemmar om slikt kurs . Ove Røv har allereide signalisert om at han vil ta utsjekk for slikt kurs. Sidan Asbjørn Andersen allereide har slik utsjekk, vil styret gi AA førsteretten.