| Vi var 13 Himmelseglarar
som møtte opp, og det er rekord. Klubbkvelden starta med den annonserte
nødskjermpakkinga.

Hans Martin, Arne og nokre til gjekk laus på pakkeoppgåva på eige utstyr utan knoting.
Andre følte det som si oppgåve, å hjelpe dei som enno ikkje har tatt i slik duk før.
På bilde ser vi Roy som viser korleis Kai Henning (tv) og Øystein skal pakke
nødskjerm.
Kai Henning gjekk kurs med Termikk og Rotor sist sommar, og er heiltend på flyging i lag
med oss. Øystein, Jørn og Wenche nettopp starta på kurset til Ove, og er minst
like tende på flyging.
Roy heldt også litt opplæring i det å kaste nødskjerm...

Alf Børre sine knep for å få so mykje duk ned i ein so liten pose vekte undring.

Hugo lærer her Jørn kunsten å pakke nødskjerm, - mens Alf Børre kjempar med sitt.

Luis gjorde bra innsats i å vise korleis der er å fyke rundt med propell på ryggen. (
mens eimen av moped la seg over lokalet.) Det store spørsmålet var om dette skape meir
frykt enn nyskjerrigheit.
Luis gjorde også bra innsats i det å bevisstgjere oss styrken med lagflyging. Foredraget
gjekk langt utover hans eige mål på 15 minutt, og stillheita som rådde mens dette
foregjekk, tyda på at ikkje alt fall på steingrunn. Elevane vi hadde blant oss, måtte
oppleve dette foredraget som særs inspirerande.

Luis og Roy fann kvarandre fort i "Decibel"-klubben, og vart samde om å utvikla
denne hobbyen vidare i fellesskap. Roy har litt erfaring frå slike stunt tidlegare..(th),.
,det går rykte om at dei skal få etablert og legalisert eigen runway i Ørsta.
Det som overraska mest var kanskje vieoen som Robert hadde med. Dette var bra heimesløyd
utai øyane. Regien var god, filminga var god, og ikkje minst videoredigeringa til Robert
var storarta. Dvs utruleg bra! Ein kunnskap som bør brukast meir!
Vi avslutta med budsjettgjennomgang, og oppeting av wienerbrøda og sitronkakene.
|