Oppsummering:
Heile 4 såg seg anledning til dette arrangemanget. Det
var mindre enn venta, men ikkje så gale teke i betrakning i at vi hadde fleire
interesserte som melde avbod av ymse grunnar. Ei anna årsak var nok den korte fristen, og
at påmeldingane ikkje gjekk ut på cellulose. Ein anna grunn var nok ei for dårleg
organisering med hensyn på heimtransport for den som ville det. Ny sjangse til neste år!
Men denne helga var i alle fall siste frist dette året, då fleire av laget sine mest
aktive pilotar også er aktive jegarar. ( 10 Sepember, - jaktstart).
- Eller kanskje det berre var den harde kjernen i laget som møtte....
Link til konkurranseresultat HER
Her er ei billedleg oppsummering av kvelden:

Hans Martin testar temperaturen med pølser. Meir avanserte saker dukka opp etter kvart. Takke være ein sår hals til Hugo Svanøy kom der Jægermeister på bordet, og takka være takknemlege heiskundar til Asbjørn kunne han trylle fram ein Bakke Gabrielsen.

"Fire" personar var inga indring for ein høgtideleg sermoni ved
premieutdelinga. - Skjønt det vart lenge imellom kvar gong nokon sa "her!"
Kim Alsos si rekordhøgde på 2150m fekk applaus (8 hender ). ( andre fekk applaus også )

Hugo gjorde reint bord. Klubben sin storflygar? I bakgrunnen montasja av
konkurranseresultatet produsert av Glasverkstaden v. Alf Børre, - som skal pryde lokalet
i lang tid frametter.

Ellers var det trekning av vindmålar for dei som hadde delteke i konkurransen, - gjort
på ein høgtidleg og korrekt måte. Spenninga steig for kvar gong eit namn vart trekt ut
av konkurranse. Til slutt låg der berre eit namn igjen. The winner was Kim Alsos.
Gratulerer. Det var berre så dumt at ikkje Kim var her med sitt blide oppsyn, og kunne
take i mot premien!
I alle fall har styret markert at det kan gi mykje gevinst i liten innsats i å delta i
den lokale konkurranse. Til neste år skal det leggast til rette for at medlemmane sjølv
skal kunne melda inn resultata på eigen hand, utan å gå via tredjemann.

Asbjørn diska opp med Skikkeleg kraftfrokost.

Den harde kjerne denne gongen gjer seg klar til ein (ærefull sortie) (dvs alle må kome seg ut) på Aust.

Hugo Storflygar mot siste finale.

Asbjørn Langstøy med for han den korrekte bakgrunn. -Skisenteret som han har via så
mykje av si fritid til. Til og med på denne dag var planen å gå direkte over i
dugnadsarbeid. Men då sa gruppa stopp. Det var absolutt viktig at alle fylgde same
opplegget, - heilt til finalen
--Og alle var einige om at det hadde vore eit gildt samkome. BB