Volda / Ørsta Himmelseglarlag
Klubbmøte Fredag 19. September Kl. 19:30
Vi treffast på møteromet til
Bowlingen i Ørsta.
Dei har er eit nytt møterom med stilig møblemang:
Vi får anledning å kjøpe oss
drikke ( ikkje ØL som vi fyrst trudde, det satte kommuna ein stoppar for ). Vi vil også
skaffe Pizza om det er ynskjeleg
Tema:
Konkurranseavslutning i ulike greiner.
Det vert høgtidleg avslutning, og sist men ikkje
minst,- hovudpremien på omvendt trekning (siste namn i hatten har vunne) mellom alle dei
som har vore sporty å stille opp i den største klubbaktiviteten vår.
Det har ikkje kome forslag til innmelding av spektakulær flytur. Styret vil difor være
romsleg med innmeldingsfristen, og ber om begrunna forslag på klubbkvelden, med
avstemming på demokratisk vis.
Det er veldig viktig at medlemmanne stiller opp i slik lagsaktivitet, då det er
fellesskapet sitt engasjemang som dreg klubben vidare.
Slikt engasjemang er den beste motivasjon for styre til å yte klubbaktivitet mot
medlemmane.
Konkurranseavslutning i foto.
Då det berre har vore ei innmelding av bilde til
fotokonkurransen, -forlengar styret fristen. Styret oppmode alle som ynskjer å
delta, til å med seg eit eller fleire bilde, anten digital på CD eller på papir.
Juryen vil bestå av alle som møter, - så her ligg det an til mykje moro. Vinnar får
æra av å få ei stor forstørring i glas og rame. ( På klubbromet? )
Sikkerheitskurset.
Kai Henning og Øystein får her anledning til å vise
videoklipp, og fortele litt om kva som eigentleg gjekk føre seg i Dalsfjorden.
Tyrkia.
Roy og Håvar Mårstøyl likar å flyge utanlands. Dei
fortel frå Tyrkia.
Spania.
Det går rykte om baklengsflyging over topplause
innolja damer på strendene i Spania, og skruing i Ørneflokk. Roy, Øystein, Håvard og
Kai fortel.
Litt info frå styret.
BOWLING
for dei som vil styre kula, - no utan ein halvliter.
( Tid, og innhald kan endrast, så fyl med på heimesida WWW.HIMMELSEGLARANE.COM
for siste nytt.
Møteinnkallinga ligg på web!
Vel Møtt frå Formannen ( Bjørn )