Volda / Ørsta Himmelseglarlag
www.himmelseglarane.com

Inviterar til
Klubbmøte
Fredag 22. MARS
Hovudtema: Kvitvin - Rose'-vin

Og kva har dette med flyging å gjere?

Så lenge været har vist seg som det har gjort i år, frå ei side få kan minnast på lenge, må vinsmaking vera den beste måte å unngå termikkdepresjon på.

Erfaringane frå raudvinkvelden i fjor, der Brit Borholm frå vinmonopolet heldt eit foredrag om raudvin frå heile kloden, var som fylgjer:

For å ikkje gjenta oss sjølve, legg vi prøvesmakinga denne gongen til Volda, - studentstaden med det yrande natteliv. Skjenkemester i år vert også ei velvilleg Brit Borholm frå vinmonopolet.
Vår store huseigar og himmelseglar Eilif Halkjelsvik stiller der til disposisjon eit lokale øvst oppe i Spinneriet. Der må vi infinne oss kl. 20:00.

For å sikre flest mogeleg deltakarar, tek vi felles busstransport frå Ørsta rutebilstasjon. Bussen har avgang kl. 19:30.
På vinmøtet vert det i tillegg til vin, servert litt å bite i, slik at vi kjem i god maritim stemning. Vår utmerka kasserar Hugo Svanøy vil her samle inn eigenandelen for heile kvelden på kr. 100.

Etter vinsmakinga som vi bereknar til 2 timar, kan vi for eksempel prøve oss på nattelivet i Volda. Her er det frie aktivitetar som kasseraren ikkje vil ha noko med, og som ikkje er dekt av egenandelen hvis nokon skulle tru det.
For å gjere livet enklast mogeleg, spanderar himmelseglarane Maxtaxi heimatt i 12-tida.

Dette er kanskje i tidlegaste laget for enkelte, men med tanke på at påska står for tur, er det greit å kunne møte utkvilt på Bondalseidet dagen derpå, til ein temikkturar av det heilt store.

Det som no er veldig viktig, er at dei som vil vera med gjer som i fjor:

Og det som er endå viktegare:

Møteinnkallinga ligg på web! Fyl med på heimesida vår WWW.HIMMELSEGLARANE.COM om siste nytt/ endringar om klubbmøta.

Vel Møtt Formannen