Volda / Ørsta Himmelseglarlag

www.himmelseglarane.com

Klubbmøte
Fredag 15. Februar Kl. 19:00

Hovudtema: Nødskjermpakking!

For at vi skal ha mest mogeleg plass å boltre oss på, har vi denne gongen valt å halde til hos den lokale energileverandøren i Hovdebygda, Tussa Kraft. Der rikeleg med golvplass utan smuss og skit som kan skjemme ut den gule "silken". Benytt deg difor av denne sjangsen til eit hyggeleg samvær med andre flygarar, og til eit nyttig og nødvendig arbeid på eige utstyr. Iflg. Hugo (konst. Fagleg leiar ) skal nødskjermen luftast eit døgn i forkant før pakking.

Agenda for Møtet. Etter kl. 19:00 og Før kl 21:00

  1. Samling:
    Vi samlast over ein kopp kaffi, og finn ut kven som har den beste kompetansen. Dette for å få pakka nød-skjermen på ein slik måte, at den i det minste er meir brukbar etter ompakkinga, - enn den var før. Styret er overbevist om at mange sit inne med stor kompetanse, som kan overførast til andre.

2) Ompakking.
Vi finn våre plassar i kjellaren i kontorfløya, -og hjelper kvarandre etter beste evne. Nye strikk vert å få utlevert.

  1. Orientering av Arne-Christian
    Frå hans opplevingar i Spania sist sommar.
  2. Alle.
    Pågåande konkurranse, NC2002, Fagleg leiar v. Hugo.

Etter kl 21:00
Kjekkast av alt er maten.
Då styret er av den formeining at himmelseglarar er kjekke karar, og at lommeboka ikkje lenger ser ut til å vera så tynn som ho ei stund var, -inviterar styret til maten denne gongen.
DVS. styret bidreg til maten i Nya Yong Hong lestulang. Storbord er reservert.
(Styret reknar no med ei velvillig innstilling til annonseinnsamlinga denne våren!)

Foreløpig plan for klubbmøtesesongen våren 2002.02.05 ( Tid, og innhald kan endrast, så fyl med på heimesida WWW.HIMMELSEGLARANE.COM for siste nytt.


Fredag 15. Mars. Hovudtema: Kvitvin. Vår eminente vinekspert Bårholm har lova oss ein tur i vinriket.
Fredag 19. April. Luis Fonseca.>>> Paramotor>>>Mexico. NC2002.

Møteinnkallinga ligg på web!

Vel Møtt Formannen