Klubbmøte 20/11-09 vart helde på Bowlinga i Ørsta.

Dette skulle vere eit kombiner klubb- og styremøte då både det med klubbjakker og Sunnmørstreff 2010 involver medlemane direkte. Dessverre kom det berre 2 styremedlemar og dermed var ikkje styre stemmeberetig. Men vi gjekk i gjennom sakene i lag med medlemmane og sakene med kommentar frå møte går så ut til styremedlemmane som ikkje var der på e-post.

På møte vart klubbjakke og t-skjorte presentert og medlemane prøvde ut sin storleik, og nesten alle bestilte eit sett.

Elles såg vi  på bilete frå 2009 som Arne J. hadde med seg. Dette gav gode mimrestunder. Dessverre hadde dette møtelokale ikkje projektor, så vi måtte bruke kunn ei berbar datamaskin. Dette var alle einige om ikkje var godt nokk, og det vart anbefalt at vi skulle skaffe oss ein eigen.

Det vart kjøpt pizza frå Rosabella resturang.

Desse 11 møtte:

Dag Jon Yksnøy, Jarle Kristiansen, Arne Jørgensen, , Roger Lid, Elias Mårstøyl, Morten Ose, Roy Almestad, Bjørn Berge, Asbjørn A. Øystein Mårstøyl som også hadde med seg ein PG venn utanfrå.

Asbjørn A.