Volda / Ørsta Himmelseglarlag
www.himmelseglarane.com
Klubbmøte
Torsdag. 6 Februar
Kl. 19:00
Hovudtema: Nødskjermpakking!
For at vi skal ha mest mogeleg plass å boltre oss på, har vi denne gongen valt
å halde til Hovdebygda, hjå Tussa Kraft. Der rikeleg med golvplass utan smuss og skit
som kan skjemme ut den gule "silken". Benytt deg også av denne sjangsen
til eit hyggeleg samvær med andre flygarar, og til eit nyttig og nødvendig arbeid på
eige utstyr. Iflg. Hugo (konst. Fagleg leiar ) skal nødskjermen luftast eit døgn i
forkant før pakking.
Agenda for Møtet. Etter kl. 19:00 og Før kl 21:00
1) Samling:
Vi samlast over ein kopp kaffi, og finn ut kven som har den beste kompetansen. Dette for
å få pakka nød-skjermen på ein slik måte, at den i det minste er meir brukbar etter
ompakkinga, - enn den var før. Styret er overbevist om at mange sit inne med stor
kompetanse, som kan overførast til andre.
2) Ompakking.
Vi finn våre plassar i kjellaren i kontorfløya, -og hjelper kvarandre etter beste
evne. Strikk er eit problem, men vert å få utlevert om ein ikkje er for kresen!
3) Flyradioane.
Korleis vi skal kunne utnytte flyradioane til lagflyging er erfart av andre før. Og det
er no bra, for då slepp vi å utvikle det sjølv.
Luis har lært dette grundig av Ronny Helgesen i Mexico. For å gi oss innsyn i
dette, har Luis tilbode seg å fortele om dette. Men berre litt, slik at vi ikkje skal
kunne bli bedre enn han. Han set difor ikkje av meir enn 15 minutt, så her gjeld det å
fylgje med.
Når dette skjer på kvelden, får vi finne ut av undervegs. Vi må berre syte for at han
får sleppe heim at før det vert for seint.
Er vi heldige, tar han med paramotor. Det er kanskje berre ved slike høve vi i det indre
av Sunnmøre kan oppleve å få ta på slikt, - og kanskje kjenne bensinlukt.
4) Påminning om pågåande konkurranse i høgde, distanse, tid osv, og korleis vi melder inn resultat!
5) Det sitjande styret med Alf Børre i spissen legg fram Budsjett for 2003.
( BB har f.t. litt permisjon )
Kjekkast av alt er maten.
Då styret er av den formeining at himmelseglarar er kjekke karar, syter vi for at der
vert lagt inn pause med Wienerbrød og kaffi. Sidan vi enno ikkje har noko å røle ta i
år, kan vi heller mimre...
( Tid, og innhald kan endrast, så fyl med på heimesida WWW.HIMMELSEGLARANE.COM
for siste nytt.
Møteinnkallinga ligg på web!
Vel Møtt NestFormannen Alf Børre.