Klubbmøte 6-2009 (5/2-2010)

Dette klubbmøte vart helde på Porse i Volda, - før årsmøtet .

Der var berre 9 som møtte opp. Noko skuffande då vi skulle ha årsmøte etter klubbmøtet.
Asbjørn A. byrja med referat frå styremøta etter siste klubbmøte.
Så vart det utdeling av klubbjakker og t-skjorter til dei som hadde bestilt og var til stades. Det var mange AA måtte ta med heim att.
Etterpå viste Asbjørn A. ein del bilete frå Mexico-turen som han, Asbjørn L., Arne J., Roger L. og Alf Børre O. var på i januar i år.
Etter årsmøtet var avslutta, vart det premieutdeling til dei 3 beste i div. ”greiner” ut frå loggboka. Dei som var til stades sette stor pris på desse gode premiane. Dette opplegget stod Kyrre Svanøy for.
Då kokken på hotellet hadde reist heim vart det ikkje det planlagde pitza-avslutninga som var planlagt. Men AA viste in del filmopptak frå Mexico-turen i staden.

Asbjørn A.