KLUBBMØTE

Invitasjon til alle som er interessert i hang- og/eller paragliding.

 

Årets mest fantastiske flysesong, våren, nærmar seg (heldigvis raskt).

 

Himmelseglarane sitt klubbmøte fredag  20. mars Kl. 1900 på Hotell Ivar Aasen i Ørsta vil Werner Johansen komme og snakke om termikk- og distanseflyging.

Alle som tidligare har høyrt Werner snakke om vår fantastiske sport, FLYGING, veit kor engasjerande og inspirerande han er. Dei som endå ikkje har høyrt han før, bør også komme og få oppleve inspiratoren og legenda Werner Johansen.

 

Werner har drive med hanggliding sidan midten av 1970 åra og er aktiv endå. Han har og ausa ut av sine kunnskapar om flyging (utan motor) gjennom dei mange lære-/fagbøker som han har skrive.

Kor mange konkurransar og meisterskap han gjennom tida har vunne, er det vel nesten umuleg å halde tal på, noko som og tilseier at det ikkje berre er i teorien han er ein meister, men og i praktisk flyging. Han har også vist dette gjennom å inneha Noregsrekorden i distanseflyging i mange år.

 

Om veret er med oss, satsar vi på termikk og distanseflyging frå Bondalseidet på laurdag og søndag. Så gjer klart flyutstyret og ta det med til Ørsta.

 

Overnatting kan skje på:  

Hotell Ivar Aasen         tel. 700 451 00

Ørsta Camping tel. 700 66 477

           

Himmelseglarlaget ynskjer alle velkomne til klubbmøte.

Dette er og utsent til klubbar frå Sognefjorden til og med Romsdal

 

Helsing

Volda / Ørsta Himmelseglarlag

v/leiar Asbjørn Andersen