Klubbmøte

Torsdag 1. Februar

Kl. 1900

oppmøte ved kafe´ Odin i Ørsta.

Styret ynskjer alle medlemmer velkomen til klubbmøte.
Vi startar med møtepunkt kafe´ Odin (Ørsta gamle ØL) , og fer straks i samla flokk til Tussatun ( som er det nye administrasonsbygget til Tussa Kraft i Hovdebygda)
Den som ikkje vert med på gruppereisa, køyrer sjølv opp til Hovdebygda, - forbi vegtrafikkstasjonen og så til høgre.

Agenda for Møtet, -som også kan vera styremøte??

19:15 – 21:00 Tussatun.

Rask omvising.
Presentasjon av kursopplegg v. Arne Christian Jensen.
Presentasjon av Heimeside v. BB og ACJ
NC 2001.
Nøklar til lokala på bondalseidet. Den som vil ha utlevert kopiar på møtet, må bestille på førehand med A.L. Rekne med kr. 100 pr. sett.
Ymse.

Retur til ODIN

Agenda for det sosiale.

21:15 - ---

Langbord for 10 er reservert for Himmelseglarane..................
Styret meiner dette er eit viktig møte, då ACJ og OR har eit bra opplegg for kursing av nye flygarar.
Opplegget forutset i furste at medlemmene veit kva som skal skje, og vil få informasjon om dette på møtet.
For den som ikkje kan møte, viser vi til annonsering i pressa på laurdagsavisene den 27. og annonsering ute i "samfunnet" og i avisene Torsdag 1. Februar.
Vidare vil presentasjonen av heimesida kunne gi god og nyttig informasjon, som det kan vere verd å få med seg.
Styret anbefalar så mange som mogeleg om å delta på det sosiale, då ODIN er ein fin møtestad som har rimelig og god servering av mat og/eller drikke.

Vel Møtt Formannen