KLUBBMØTE fredag 19/11 2010


19/11 hadde vi klubbmøte på Bowlingen i Ørsta. 13 medlemmer møtte.

Det vart orientert om aktuelle styresaker.

Vi hadde også besøk av Ørsta Skisenter sin nye og fast tilsette driftsleiar Rune Moltudal, som orienterte oss om korleis han ville at den nye "sommarheis-gruppa" skulle fungere.

Svein B. hadde med ein film frå turen som han og Robert Haugen hadde tatt frå Bondalseidet til Innvik. Filmen var teken av Robert. I tillegg viste han bilder frå turen Bondalseidet - Gjerdsvika.

Vi avslutta med pizza på Rosabella.

Asbjørn A.