Heisdrift i sommarhalvåret

Ved Ørsta Skisenter er det oppretta eit vaktlag som står for drift i sommarhalvåret. Hovedformålet er transport i samband med flyging. Sommardrifta startar etter at ordinær sesong ved skisenteret er avslutta, og sluttar når snøen legg seg ved øvre heisstasjon om hausten.

tekstmeldingssystemet  vil verte nytta for å varsle om heisdrift utanom heilagdagar og helg.
Har du ellers spørsmål angåande  heisdrift, ta kontakt med ansvarleg kontaktperson for veka.
Hjå vedkomande kan du rette ynskje om heisdrift, og få tilbakemelding om slik heisdrift er muleg. Oversikt  finn du her.


Heiskøyring på kvardagar.

Du må være innmeld i GRHEISA for å få beskjed om heisdrift  på kvardagar i sommarhalvåret. (GRHEISA Start sendast til 2030)

Tekstmelding vert sendt seinast 1 time før.

Heisdrift på heilagdagar og helg.

Når det er å anta at veret tillet flyging, går heisa kl. 11.00. Det vert ikkje sendt GRHEISA  på desse dagane.
Er du usikker på heisdrift, ta kontakt med kontaktperson.

Det skal betalast 40 kr av alle til heisselskapet, også av heisførar.


STYRET
Endra 10/05/07