Brukerhjelp – tekstmeldingssystemet – eurobate.com

Tekstmeldingssystemet etablert for å varle om flyging, heisdrift og for å fremme anna aktivitet i himmelselgarlaget.

Vi kan no ta i bruk eit nytt og betre system for å få tekstemeldingar om flyging. Mellom anna ei gruppe som gjeld heisekøyring på Bondalseidet utanom opningstid: GRHEISA. Det koster kr. 1,50 å motta ei slik melding. For å melde deg på gjer du følgande.
Send denne tekstmeldinga frå din mobiltelefon.:

GRHEISA START

Til dette telefonnummeret: 2030

Dersom du vil melde deg av, sender du denne tekstmeldinga frå din mobiltelefon:

GRHEISA STOPP.

Til det same telefonnummeret: 2030

Når du har blitt medlem av ei gruppe kan alle på gruppa sende tekstmeldingar til andre på gruppa. Den som sender betaler vanleg takst og dei som tek imot kr. 1.50.

Gruppa GRHEISA er kun for å melde om heisekøyring utanom opningstid, sidan denne meldinga også vil gå til driftsleiarane for heisa. Avsendar må kvittere med namn  og gjerne mob.tlf nr, elles vil avsendar berre stå oppført som 2030.
Det er også oppretta ei anna gruppe, som kan brukast for å varsle om flyging elles i Volda/ Ørsta. Gruppa heiter GRFLYGE

Framgangsmåten for å melde deg på er den same som skildra ovanfor, med unntak at du då skriv GRFLYGE.
Dersom du frå din mobiltlf vil sende ei melding til gruppa om flyging på Oshornet kan de. f.eks skrive denne teksktmeldinga:

GRFLYGE  Eg skal flyge frå Oshornet i dag. Møt opp på Prix kl. 17 Helsing: HMD 911 02 154

Denne meldinga sender du til 2030

Dersom du svarer på denne meldinga kan du sende svaret til heile gruppa GRFLYGE (som må betale kr. 1.50 kvar) eller berre ei vanleg tekstmelding eller telefon til avsendaren 91102154

Du kan også sende tekstmelding til disse gruppene gratis via internett. Du går inn på http://www.eurobate.com/web/ og skriv brukernamnet: vøh og så det same passordet som vi har brukt det siste året. Kontakt Bjørn B eller underteikna – eller ein av heiseførarane (Arne, Hans M, Hugo, A. Langstøyl,  Bjørn eller Alf B) dersom du treng tilgang til å sende tekstmeldingar via nettet.. 

Vil berre minne om at operatøren Eurobate skriv mellom anna dette om bruken av tenesta: Alle brukere av våre tjenester forplikter seg til ikkje å sende meldingar som kan oppfattes som diskriminerende, injurierende, pornografiske eller ulovlige på annan måte, eller til kommersiell annonsering. Det er heller ikkje tillatt å sende samme meldin til samme mottager gjentatte ganger. Overtredelser av disse regler vil føre til sperring or tilgang til våre tjenester og eventuell politianmeldelse. Ved å registrere deg har du godtatt disse betingelsene.

Grupper som ikkje vert brukte, vert sletta av eurobate.
Styret i VØH vil drøfte heisedrift og tekstmeldingsystem på neste måte. Følg med.

4.okt. 02

Helsing: Hans Martin. Dypvik

Nestleiar i VØH