Årsmelding 2000
Årsmelding 2001
Årsmelding 2002
Årsmelding 2003
Årsmelding 2004
Årsmelding 2007
ÅRSMELDING 2009
for
VOLDA / ØRSTA HIMMELSEGLARLAG
Styret i 2009 var samansett av:
Leiar Asbjørn Andersen
N.leiar Alfred Honore
Kasserar Hugo Svanøy
Styremedlem Arne Chr. Jensen og Jon Dag Yksnøy
Varamedlem Alf Børre Otterdal og Kyrre Svanøy
Ved utgangen av dette året hadde vi 8 junior-, 35 seniormedlemmar, her av 2 kvinner, til saman 43 medlemmar. Ein tilbakegang på 6 medlemmar frå 2008. Dette kan ha samheng med at det dette året ikkje vart arrangert nybyrjarkurs.
Styret har sidan førre årsmøte hatt 6 møter og behandla 45 saker.
I mai fekk styret melding om at Arne Chr. Jensen går ut av styret,På grunn av han slutt og flyge og gjekk ut av klubben og dermed vart Alf Børre styremedlem. I oktober flytta Alfred til Bergen og med det vart også Kyrre styremedlem. Då det var lite att av året, valde styret å omorganisere seg.
Styret siste del av året vart sjåande slik ut:
Leiar Asbjørn Andersen
N.leiar Kyrre Svanøy
Kasserar Hugo Svanøy
Styremedlem Jon Dag Yksnøy og Alf Børre Otterdal
Varamedlem Ingen.
I år byrja styret med å skrive protokoll på datamaskin. Kvar protokoll er sidenummerert, utskriven i papirform, underteikna og lagt i eigen perm. Kvart år vert protokollen også kopiert opp på ei cd-plate for separat lagring.
Styret har hatt god styring på økonomien dette året, så resultatet vart på + Kr. 28.500,- Her bør det nemnast at Sparebank 1 Volda og Ørsta har betalt inn sponsorpengar til Sunnmørstreffet 2010 allereie dette året. Kr. 10.000,- bør difor overførast til 2010, og då vert overskotet for 2009 på 18500 kr. Det vart og ved ein feil betalt ei regning ut av Rotsethornkontoen. Dette er ordna opp i ved oppdaging den 22/1 2010.
Sunnmørstreffet som er vår hovudaktivitet utanom eiga flyging, vart avlyst 2 dagar før vi skulle arrangere dette på grunn av svært dårlege vermeldingar. Det ikkje arrangerte stemnet gav oss vel Kr.11.000,- i overskot. Vi takkar både dei pilotane som betalte på forskot og fekk tilbake halve kontingenten og dei som annonserte i eit ikkje trykt hefte, men likevel betalte, i tillegg til Sparebank1.
Elles gav annonsørane på den monterte karttavla ved hovudlandinga på Bondalseidet oss eit overskot på Kr. 6.200,-
Tandemskjermen har i år floge inn Kr. 1.000. Med det har den sidan 2004 floge inn 16.085,- Dvs. at det står att 18.594 før den er nedbetalt.
Bjørn Brudevoll la eit stort arbeid i skjemaveldet som gjorde at vi er med i Grasrotfordelinga frå Norsk tipping. Dette har i år gitt oss ei enkel inntekt på Kr. 1000,-. Ei stor takk til Bjørn Brudevoll.
X2 arrangementet i Ørsta/Volda ville utvide konseptet sitt med flyging. Vi vart spurde om å ta på oss den praktiske delen av vårt arrangement. Dette sa vi ja til og laga eit opplegg for X2-air på Bondalseidet helga 1. mai. Dessverre regna også dette arrangementet vekk for oss.
Vi har også fått førespurnad for 2010, noko som vi har sagt ja til.
Vêrstasjonen vår på Bondalseidet som var utleigt frå juni til ut desember til Tussa, er tilbakekomen, men ikkje oppmontert. Det stillest spørsmål om vi treng den fordi vi nyttar Tussa sine data både på heimesida og over mobiltelefon.
Flyboksene på Bondalseidet verkar fint. Vi har ein god dialog med flytårna både på Hovden og på Vigra. NLF og vi jobbar vidare med å få ordninga permanent.
Det har vore halde 6 klubbmøte i år. På møtet i april hadde vi besøk av Werner Johansen. Han snakka varmt om termikk- og distanseflyging, og om sikker flyging. På dette møtet var også klubbane frå Førde til Molde og Åndalsnes inviterte.
Å legge eit klubbmøte til Trandal var det lenge store ynskjer om. Då dette var klart og tilrettelagt var der nesten ingen som meldte seg på, så det vart avlyst.
Det var naudskjermpakkekveld på Vikemarka skule i år også.
Også dette året vart vi førespurde om vi kunne demoflyge på Kvalsvikdagane. Det var 4 pilotar frå klubben vår som stilte, men vi måtte reise heim med uforretta sak. Veret var dårleg, og i tillegg kom skodda då helikopteret skulle løfte dei 2 første pilotane opp på fjellet.
Også i år har mange medlemmar delteke på dugnad for Ørsta Skisenter. Vi har også i år teke oss av flytting og strekktest av stolane, og bremseprøve. Vi har også sett opp ein levegg med tak framfor klubbrominngangen for å unngå at det legg seg snø inn til hovudveggen slik at det ikkje lenger skal trekke inn vatn til klosettet og gangen.
Fleire av oss har hatt vakter på heisdrifta i vintersesongen. Samla har vi lagt ned vel 292 dugnadstimar der. Då er ikkje faste vaktdagar medrekna.
Som ”lønn” har vi fått bruke heisa når vi vil opp for å flyge, i tillegg til dekning for billettar. Dei med over 15 dugnadstimar får utlevert sesongkort. Dei andre får godskrive heisturar.
Også i år har det meste av dugnadsarbeidet dessverre falle på svært få av medlemmane. Dette er ei haldning vi må gjere noko med slik at fleire deltek i dette viktige dugnadsarbeidet som gjer at vi får bruke heisa somrane, noko som er alfa og omega for at klubben skal leve.
Når vi ser på flyging i klubben totalt har det vore god aktivitet, serleg når ein tek i betraktning at veret i sommar og i haust nesten ikkje har gitt noko mogelegheit for flyging. Distanseturar har det også i år vore lite av. Så stryningane har ikkje fått gleda av å sjå himmelseglarane over seg dette året heller. Dei i Barstadvik fekk ved eit høve sjå 4 av medlemmane lande med paraglidar i år. Den største hendinga var at ein HG landa der 17. mai. Det var Stein Gjøsund som gjorde denne bragda. Det er første gong nokon har floge HG frå Bondalseidet til Barstadvik.
Elles har fleire frå klubben vore i Mexico og ein i Frankrike og floge dette året også.
Dette året har vi heldigvis ikkje hatt uhell eller ulykker i klubben vår av alvorleg karakter.
Til slutt vil styret i V/Ø Himmelseglarlag 2009 takke for seg og takke medlemmane for godt kameratskap. På same tid ynskjer vi det nye styret for Himmelseglarane til lykke med arbeidet i 2010.
For styret
Asbjørn Andersen
NB/Rettingar som var kommentert på årsmøte er gjort.