ÅRSMELDING 2007
for
VOLDA / ØRSTA HIMMELSEGLARLAG
Styret i 2007 var samansett av:
Leiar Asbjørn Andersen
N.leiar Arne Christian Jensen
Kasserar Hugo Svanøy
Styremedlem Øystein Mårstøl og Bjørn Brudevoll
Varamedlem Elias Mårstøl og Roy Almestad.
Ved utgangen av dette året hadde vi 10 junior-, 35 senior-, og 1 sidemedlem. Til saman 46
medlemmar. Ein nedgang på 8 medlemar frå 2006.
Styret har sidan forrige årsmøte hatt 7 møter og behandla 39 saker. På klubbmøte 9/3
hadde vi eit ekstraordinært årsmøte der budsjettet vart framlagt frå styret, og
godkjent med tillegg om at vi skal støtte bygging av veg til Rotsethornet, dersom dette
kjem i orden, med 10.000,- Dette var og underskotet i budsjettet. Styret sette av desse
pengane på eigen konto i Nordea bank.
Vi har og sagt opp bankboksa vi hadde i denne banken.
Styret har hatt god styring på økonomien dette året, så resultatet vart på + Kr.
9.000,-
NC distanse gjekk med Kr.7.000,- i overskot, mens NC akro gjekk med 14.000,- i overskot
inklusiv stønad frå Sparebanken.
Totalt av stønader har vi fått inn Kr. 18.500,-. Desse kom frå Sparebanken,
Hp-seksjonen øl-pengar Ørsta og andre.
Tandemskjermen har i år floge inn Kr. 3.000,-, mens rep. og nødskjermpakking i år kosta
2.000,-. Med det har den sidan 2004 floge inn 13.285,- Dvs. at det står att 21.394 før
den er nedbetalt.
Asbjørn Andersen var vår utsending til NLF ting og HP-seksjonens årsmøte på
Lillestrøm 17. og 18. mars.
Styre har dette året og jobba med Flyboksa opp mot tårnet på Vigra.
Avtaleforslaget er innsendt til Avinor for godkjenning. Vi ventar på svar. Imens har
klubbens medlemmar prøvt ut denne flyboksa, og det ser ut til at det virkar
tilfredstillande.
Det har våre halde 5 klubbmøter i år. På eit av dei i haust inviterte vi Ronny
Helgesen. Han heldt eit inspirerande innlegg om distanseflyging og sikkerheit. På dette
møte var og klubbane frå Førde til Ålesund inviterte. Til dette møtet fekk vi støtte
frå HP-seksjonen og Ålesundklubben. I tilleg har vi hatt nødskjermpakkekveld på
Vikemarka skule.
I slutten av året fekk vi ein økonomisk avtale med Tussa om å lage eit felles klossett
i gangen utfor klubbromet oppe på Eitrefjell. Dette er kome godt i gang og forventast å
vere ferdig i løpet av januar 2008.
På Innflyttingsdagane i Volda den 15. September deltok vi med eigen stand.
Dette arrangementet tok Elias Mårstøl ansvaret for.
Også i år har mange medlemmar delteke på dugnad for Ørsta Skisenter då serleg med
vedlikehald av heisa. Vi har fleire gonger teke ned og hengt opp stolane. Og til slutt var
vi med på bremseprøva. Nokre har og våre vakter på heisdrifta i vintersesongen. Samla
har vi lagt ned vel 180 dugnadstimar der. Då er ikkje faste vaktdager medrekna.
Som lønn har vi fått bruke heisa når vi vil opp å flyge, i tillegg til
dekning for billettar, og dei mest ivrige får utlevert sesongkort. Det meste av
dugnadsarbeidet har dessverre falle på svært få av medlemmane. Dette er ei haldning vi
må gjere noko med slik at fleire deltek i dette viktige dugnadsarbeidet som gjer at vi
får bruke heisa somrane, noko som er alfa og omega for at klubben skal leve.
Helga 3.-5. august var det lagt opp til at klubbmedlemmane skulle på klubbtur til
Geiranger. Dessverre var det berre 5 pilotar som vart med. Desse hadde ei fantastisk
flyoppleving over og mellom fjella i Geiranger. Den sosiale delen var og svært vellykka
både i den store leiligheita som klubben sponsa, og ute om kveldane.
NC PG distanse Ørsta, vart halde den 17. mai til 20. mai med 29 deltakarar. Det vart
berre ein omgang dette året på 44.5 km., men då med flagg på alle flaggstenger i heile
landet. Vinnar vart Gunnar Sæbu, nr.2 vart Anders Bærheim og nr.3 vart Arne Årsbog.
Arne Christian Jensen var best av våre 4 som deltok. Det sosiale opplegget var at kvar
enkelt grilla på storegrillen vår nede ved Varmestova på Bondalseidet og gjekk inn og
åt, drakk, og såg på diverse flyfilmar og kosa oss.
NC PG akro vart avvikla som tidligare inne i Dalsfjorden. Der og vart det berre ein
omgang. Her deltok det 11 konkurransepilotar. Vinnar vart Rolf Dale nr.2 vart Ove Tilling
og nr.3 vart Erik Helgaseth. Grunneigar Knut Dale hadde lagt godt til rette på landinga
for oss. Og serleg skal vi rette ei stor takk til Dalsfjord grendalag som tok seg av
sikringsbåten og som hadde lagt til rette for eit fantastisk sosialt samvær.
Når vi ser på flyging i klubben totalt har det vore god aktivitet, serleg når ein tek i
betraktning at været i sommar og haust ikkje har gitt noko serleg mogeligheit for
flyging. I vårsesongen har det vore fleire distanseturar som t.d. Barstadvik,
Sæbø-Ørsta, Viddal, Kalvatn, Grodås og Hundavika. Men ingen kom til Stryn eller
lenger.
Fleire av medlemmane var på Ekstremsportveka på Voss og hadde mange fine distanseturar
der.
Mårstølbrørne var og ein tur til Spania og fekk lufta vengane der.
Vi har i 2007dessverre hatt ei PG ulykke med personskade og ei hending der nødskjerm vart
kasta, men heldigvis ikkje personskade der.
Til slutt vil styret i V/Ø Himmelseglarlag 2007 takke for seg og takke medlemmane for
godt kameratskap. På same tid ynskjer vi det nye styret for Himmelseglarane til lykke med
arbeidet i 2008.
For styret
Formann 2007 Asbjørn Andersen