ÅRSMELDING 2007
for
VOLDA / ØRSTA HIMMELSEGLARLAG
Styret i 2007 var samansett av:
Leiar Asbjørn Andersen
N.leiar Arne Christian Jensen
Kasserar Hugo Svanøy
Styremedlem Øystein Mårstøl og Bjørn Brudevoll
Varamedlem Elias Mårstøl og Roy Almestad.
Ved utgangen av dette året hadde vi 10 junior-, 35 senior-, og 1 sidemedlem. Til saman 46 medlemmar. Ein nedgang på 8 medlemar frå 2006.
Styret har sidan forrige årsmøte hatt 7 møter og behandla 39 saker. På klubbmøte 9/3 hadde vi eit ekstraordinært årsmøte der budsjettet vart framlagt frå styret, og godkjent med tillegg om at vi skal støtte bygging av veg til Rotsethornet, dersom dette kjem i orden, med 10.000,- Dette var og underskotet i budsjettet. Styret sette av desse pengane på eigen konto i Nordea bank.
Vi har og sagt opp bankboksa vi hadde i denne banken.
Styret har hatt god styring på økonomien dette året, så resultatet vart på + Kr. 9.000,-
NC distanse gjekk med Kr.7.000,- i overskot, mens NC akro gjekk med 14.000,- i overskot inklusiv stønad frå Sparebanken.
Totalt av stønader har vi fått inn Kr. 18.500,-. Desse kom frå Sparebanken, Hp-seksjonen ”øl-pengar Ørsta” og andre.
Tandemskjermen har i år floge inn Kr. 3.000,-, mens rep. og nødskjermpakking i år kosta 2.000,-. Med det har den sidan 2004 floge inn 13.285,- Dvs. at det står att 21.394 før den er nedbetalt.
Asbjørn Andersen var vår utsending til NLF ting og HP-seksjonens årsmøte på Lillestrøm 17. og 18. mars.
Styre har dette året og jobba med ”Flyboksa” opp mot tårnet på Vigra. Avtaleforslaget er innsendt til Avinor for godkjenning. Vi ventar på svar. Imens har klubbens medlemmar prøvt ut denne ”flyboksa”, og det ser ut til at det virkar tilfredstillande.
Det har våre halde 5 klubbmøter i år. På eit av dei i haust inviterte vi Ronny Helgesen. Han heldt eit inspirerande innlegg om distanseflyging og sikkerheit. På dette møte var og klubbane frå Førde til Ålesund inviterte. Til dette møtet fekk vi støtte frå HP-seksjonen og Ålesundklubben. I tilleg har vi hatt nødskjermpakkekveld på Vikemarka skule.
I slutten av året fekk vi ein økonomisk avtale med Tussa om å lage eit felles klossett i gangen utfor klubbromet oppe på Eitrefjell. Dette er kome godt i gang og forventast å vere ferdig i løpet av januar 2008.
På ”Innflyttingsdagane i Volda” den 15. September deltok vi med eigen stand. Dette arrangementet tok Elias Mårstøl ansvaret for.
Også i år har mange medlemmar delteke på dugnad for Ørsta Skisenter då serleg med vedlikehald av heisa. Vi har fleire gonger teke ned og hengt opp stolane. Og til slutt var vi med på bremseprøva. Nokre har og våre vakter på heisdrifta i vintersesongen. Samla har vi lagt ned vel 180 dugnadstimar der. Då er ikkje faste vaktdager medrekna.
Som ”lønn” har vi fått bruke heisa når vi vil opp å flyge, i tillegg til dekning for billettar, og dei mest ivrige får utlevert sesongkort. Det meste av dugnadsarbeidet har dessverre falle på svært få av medlemmane. Dette er ei haldning vi må gjere noko med slik at fleire deltek i dette viktige dugnadsarbeidet som gjer at vi får bruke heisa somrane, noko som er alfa og omega for at klubben skal leve.
Helga 3.-5. august var det lagt opp til at klubbmedlemmane skulle på klubbtur til Geiranger. Dessverre var det berre 5 pilotar som vart med. Desse hadde ei fantastisk flyoppleving over og mellom fjella i Geiranger. Den sosiale delen var og svært vellykka både i den store leiligheita som klubben sponsa, og ute om kveldane.
NC PG distanse Ørsta, vart halde den 17. mai til 20. mai med 29 deltakarar. Det vart berre ein omgang dette året på 44.5 km., men då med flagg på alle flaggstenger i heile landet. Vinnar vart Gunnar Sæbu, nr.2 vart Anders Bærheim og nr.3 vart Arne Årsbog. Arne Christian Jensen var best av våre 4 som deltok. Det sosiale opplegget var at kvar enkelt grilla på storegrillen vår nede ved Varmestova på Bondalseidet og gjekk inn og åt, drakk, og såg på diverse flyfilmar og kosa oss.
NC PG akro vart avvikla som tidligare inne i Dalsfjorden. Der og vart det berre ein omgang. Her deltok det 11 konkurransepilotar. Vinnar vart Rolf Dale nr.2 vart Ove Tilling og nr.3 vart Erik Helgaseth. Grunneigar Knut Dale hadde lagt godt til rette på landinga for oss. Og serleg skal vi rette ei stor takk til Dalsfjord grendalag som tok seg av sikringsbåten og som hadde lagt til rette for eit fantastisk sosialt samvær.
Når vi ser på flyging i klubben totalt har det vore god aktivitet, serleg når ein tek i betraktning at været i sommar og haust ikkje har gitt noko serleg mogeligheit for flyging. I vårsesongen har det vore fleire distanseturar som t.d. Barstadvik, Sæbø-Ørsta, Viddal, Kalvatn, Grodås og Hundavika. Men ingen kom til Stryn eller lenger.
Fleire av medlemmane var på Ekstremsportveka på Voss og hadde mange fine distanseturar der.
Mårstølbrørne var og ein tur til Spania og fekk lufta vengane der.
Vi har i 2007dessverre hatt ei PG ulykke med personskade og ei hending der nødskjerm vart kasta, men heldigvis ikkje personskade der.
Til slutt vil styret i V/Ø Himmelseglarlag 2007 takke for seg og takke medlemmane for godt kameratskap. På same tid ynskjer vi det nye styret for Himmelseglarane til lykke med arbeidet i 2008.
For styret
Formann 2007 Asbjørn Andersen