Ørsta 29. Januar 2004
Volda - Ørsta Himmelseglarlag hadde ved årsskiftet 45 medlemmer. Dette er ein vekst på 13% samanlikna med det totale medlemstalet i 2003.
Styret var i 2003 samansett slik:
Formann :
Bjørn Berge
Nestformann :
Alf Børre Otterdal
Kasserar :
Hugo Svanøy
Styremedlem :
Morten Ose
Styremedlem :
Hans Martin Dypvik
Vara :
Arne Jørgensen
Vara :
Birger Wille
Revisorar
Roy Almestad
Hans Egset
Vararevisor
Birger Wille
Utdanningskontakt:
Ove Røv
Valnemd:
Ove Røv
Hans Egset
Det har vore eit stabilt styre, utan utskiftingar.
Styret har i 2003 hatt 9 styremøte inkl telefoniske styremøte.
Årsaka til det store talet på styremøte er ei disiplinærsak som var fremma ovanfor
domsutvalet i HP/NLF.
Det har vore halde fem klubbmøte i år. Det er eitt meir enn forrige år.
Arbeidsplan.
Hovudmåla i år 2003 var å arrangere ein Norgescup i PG.
Vidareføre internkonkurransen.
Vidareføre "radio for alle" innkjøpa.
Halde eit anstendig antall klubbmøte.
Halde vedlike verstasjonen og vidaresatse på tekstmeldings-tenesta.
Vidareutvikle heimesida som informasjonskanal for himmelseglarlaget.
Alle desse måla kan ein seie er oppfylde gjennom året som er gått.
I tillegg har styret gjort innkjøp av tandemskjerm.
Norgescup.
Også i år 2003 kan vi sjå tilbake på eit vellukka Noregs-cup meisterskap i PG.
Konkurransen gjekk i tidsromet 1. 4 Mai under varierande vær-forhold. Totalt
deltok 30 pilotar under NC på Bondalseidet. Dette var 15 færre enn året før.
Nok ein gong såg vi at det først og fremst er vergudane som må vere nådige for å få
til eit vellukka arrangement.
Første dag var friflygardag på grunn av for dårleg konkurransevær.
Etter at ei intens snøbyge løyste seg opp andre dag, opna konkurransen. Mange opplevde
denne turen som svært ubehageleg, då ho gjekk gjennom turbulent luft i skybas med snø
og haggel, - og masse motvind tilbake frå Sæbø. Rolf Dale kom lengst, -nede i Nakken.
Vi hadde ein riveleg sosial kveld på Åmdal Ungdomshus, med MPG-oppvising
Laurdag tredje dagen vart ein amputert konkurranseomgong, på grunn av tilskying og vind.
Birger fekk fram smila på alle med å dele ut gratis overskytande varmmat frå Fredagen.
Lenge leve Birger!
Søndag vart avlyst.
Fire av våre pilotar deltok i NC denne helga. Det var Arne Cr. Jensen på 13. plass, og
Roy Almestad på 10. plass. Bra!!
Vi delte på å være startar kvar dag.
Bjørn Berge var stemneleiar.
Klubblokala og kafeen på Eitrefjellet.
Ikkje nytta til anna enn privat bruk.
Verstasjonen og tekstmeldinga
Også i år 2004 kan ein sjå tilbake på tenester frå verstasjonen og tekstmeldinga
som stort sett har vore operative heile året. Verstasjonen passerar no totalt 35000
oppringingar. Verstasjonen har hatt driftsstans 2 veker grunna omprogrammering.
Vi har avslutta sponsoravtalen med Nordea. Dette på grunn av manglande betalingsvilje, og
at vi ikkje greidde å omprogrammere sponsor-teksta fra Kreditkassa til Nordea på
ver-stasjonstalen Sparebanken Volda Ørsta har gått inn som ny sponsor med kr 1500 i
2003, -med grunnlag i reklame på heimesida og reklame på plakat på skisenteret. Denne
avtalen må fornyast år for år.
Inntil vidare får behalde telefonnummer, radiolinjeforbindelse, og lokalitetar på
Eitrefjell med Tussa.
Tekstmeldingssystemet har fungert glimrande etter at vi sender ut gruppemelding sjølve
over tlf.:2030.
Heimeside.
Heimesida fungerar etter planen som informasjonssenter ut mot medlemmane.
Dessverre viste det seg at gjesteboka vart brukt av enkelte som ein arena for sjikane, og
måtte stengast.
Etter at styret opna disiplinærsak med bakgrunn i sjikane, gjenopna vi gjesteboka. Hittil
har ho fungert svært bra. I motsetning til før kan no alle gå inn å slette det dei
vil, noko som er langt meir bekvemt enn at webmaster skal ta denne belastninga aleine.
Kurs/Instruktørar
Vi har 3 instruktørar.
Ove Røv og Roy Almestad har helde kvar sine kurs.
Vi har til saman hatt 10 elevar under skulering.
Det har vorte helde sikkerheitskurs i Dalsfjorden etter initiativ av Øystein Mårstøyl
og Kai Henning Fløtre, med Asbjørn Andersen som instruktør.
Drift av skiheisa.
Medlemmene har hatt glede av køyreløyvet til skiheisa, -der tekstannonseringa over
2030 har fungert bra.
Heisførargruppa er no organisert direkte under driftsansvarleg for skisenteret. Arne
Jørgensen er kontaktmann inn mot styret i himmelseglarlaget. Styret har ikkje lenger med
forvaltinga av heisførarane å gjere.
Representasjon.
Morten Ose representerte himmelseglarlaget på årsmøtet i HP/NLF og NLF.
Økonomi.
Økonomien er svært bra, Inntektene har vore dei største nokonsinne. Dette på grunn
av eit vellukka NC-arrangemang med 2 godkjendeomgongar. Arrangementet var også økonomisk
vellukka, også takk være annonseforarbeidet til Hans Martin Dypvik. Birger Wille sto for
matsalet på hovudlandinga, som også ga ein pen slump i kassa.
I tillegg kan vi nemne sponsor-inntekter på vestasjonen, Vo-middlar frå kurs og yting
frå gåvefond.
Det er også viktig å merke seg at vi har hatt eit minimum med administrative utgifter.
Kun porto og litt telefon.
Styret beslutta å investere i tandem for opptjente middlar.
Flyging.
Det har vore ein svært god flysesong. Vi fekk stor tilvekst av nye flygarar, som har
vore inspirerande.
Vinteren med mykje skare på Bondalseidet gjorde tilkome på fjellet lett, til mange
skliturer. og nokre termikkturar. Påska var vermessig knallbra. Norgescupen gjekk
turbulent føre seg, med mykje friflyging.
Internkonkurransen dokumenterar at mange sette rekordar i år. Både med tanke på
personlege mål, og rekordar klubbmessig sett.
Roy Almestadsette distanserekord med å flyge til Ørskogfjellet. Distansen var 52 km, som
er distriktsrekord i klubben.
Roy sette også høgderekord på 2360m tett fulgt av Alf Børre med 2268m.
Roy hadde også tidsrekorden i 2003 på 4t og 15minutt.
Hausten var uvanleg fin, med termikk langt ut i Oktober.
Oshornet var i året som gjekk ein mykje brukt startplass. Her skrudde Arne Jørgensen
kveldstermikk til1300m, før han flaug fram i Bjørdalen.
Flyboks.
Dette er eit omfattande tema som vi så vidt fekk starta. Gruppa beståande av Hugo
Svanøy og Arne Jørgensen har avslutta arbeidet, med tilråding om at det neste styre
bør føre det vidare.
Flyradioar.
Ved inngangen i 2003 var det 9 pilotar som hadde fått støtte til radiokjøp. I
løpet av 2003 utvida vi ordninga med 4 nye. Totalt har vi no 13 med i denne ordninga.
Tandem.
Tandemskjermen er innkjøpt til kr 33 600.
Inntil årsmøte i 2004 er det innbetalt depositum for 3 pilotar. Skjermen er flogen 4
turar.
2 pilotar er under utdanning. Roy er ansvarleg for å gi utsjekk.
Uhell / Ulykke.
I år hadde vi to innrapporterte uhell. Eitt beinbrot, og ei nestenulukke med ein
elev.
Det er mange år sidan sist vi har hatt skade.
For styret i Volda Ørsta Himmelseglarlag i år 2003
Bjørn Berge
Formann 2003