ÅRSMELDING for år 2001
Ørsta 30.12.2001
Volda - Ørsta Himmelseglarlag hadde ved årsskiftet 35 hovudmedlemmer. I tillegg kjem ein del tandem-
medlemmer
Styret var i 2001 samansett slik:
Formann :
Bjørn
Berge
Nestformann :
Hans Martin
Dypvik
Kasserar :
Hugo Svanøy
Styremedlem :
Alf Børre
Otterdal
Styremedlem :
Asbjørn
Langstøyl
Vara :
Alf Terje Vollan
Vara :
Hans Egset
Sikkerheitskontakt: Asbjørn Langstøyl
Revisorar
Leif
Vasstrtand
Hans
Egset
Vararevisor
Arne Jørgensen
Valnemd:
Ove
Røv
Hans
Egset
Utdanningskontakt: Ove Røv
Det har vore eit stabilt styre, utan utskiftingar.
Styret har i 2000 hatt 7 ordinære styremøte, og 2 telefon-styremøte
I tillegg har ein del saker vorte drøfta mellom styremøta på telefon.
Det har vore halde 5 klubbmøte inkl vinmøtet.
Arbeidsplan, hovudmål.
Alle desse måla kan ein seie er oppfylde gjennom året som er gått.
Norgescup.
Sitat frå Redaksjonelt stoff til Fri Flukt:
NC 2001 i Ørsta vart avvikla utan nokon godkjende omgangar. Vergudane var ikkje med oss, og heldt ei klam fuktig hand over oss utan tendensar til termikk. Himmelseglarane bestemte seg allereie før briefinga å avkorte stemnet til to dagar, og ikkje køyre over fire som planlagt. Vermeldingane var klar i talen, og ga ei verprognose med ei negativ utvikling i tidsromet. Største sjansen til konkurranse var på nasjonaldagen og den påfylgjande dag, og vi ville satse alt på desse to dagane. Etter dette tidsromet vart det bestemt at gjestane våre kunne reise heim, eller til andre stader med betre v
êr.Sjølv om det ikkje vart floge ein einaste konkurranseomgang, hadde vi hell i uhellet,- og vinden stod svakt inn frå vest. Området i og utanfor kafeen vart dei sosiale samlingspunkta, der det vart muleg å få både varme og mat, - og utleggingsområde for flyging. Og flyging vart det, - mykje flyging. Himmelseglarane fekk, takk vere avlyste omgangar, oppleve looping med paraglidar, for fyrste gong i historia på Bondalseidet.
Sidan arrangementet gjekk på den 17. Mai, måtte dei få frammøtte himmelseglarane ta på seg alle praktiske oppgåver, -alt frå billettering og køyring av heis, til matlaging og kafedrift. Sjølv om det vart mange hattar å skifte i løpet av dagen, synast vi sjølve vi greidde oppgåva bra. Ingen av gjestane klaga eller var sure.
For at arrangementet ikkje skulle gå aldeles på tryne, - og ut i ingenting, flytta vi det sosiale på Trandal fram til fredag. Etter det vi sjølv opplevde, og etter dei tilbakemeldingane vi har fått, var det eit godt trekk, og eit vellykka arrangement. Alle koste seg med kjempereker, ( og enkelte små - veldig små). Det Frank Storeide på Christian Gaard ikkje hadde rekna med, var at han hadde med storetarar å gjere, som ikkje hadde sett mat på heile dagen. Resultatet var at vi heldt på å ete han tilbake til skambenken i kirka. Men takk til ærlege sjeler på bussen heimatt, fekk vi inn meir pengar, og flytte Frank i alle fall ei benkerad fram. Alt i alt vil Himmelseglarane tru Christian Gard og Hjørundfjorden vart ei minneverdig oppleving for alle, - for kvar elles i landet kan ein finna ein bar med badekar på do, og ein hest som dørvakt
.Klubblokala og kafeen på Eitrefjellet.
Dei siste rekningane er no i innkomne, og samla kostnad på gjenreisinga kom på over
kr. 81 000.Dette var ei overskriding på 41 000 på meir en styret hadde budsettert.
Klubblokalet vart nytta ein gong i høve sesongavslutninga for klubbmøte, -i November,
med mat/ drikke og premieutdeling. Det var eit vellukka arrangement med heile 13
frammøtte.
Verstasjonen og tekstmeldinga
Også i år 2001 kan ein sjå tilbake på tenester frå vêrstasjonen og tekstmeldinga som stort sett har vore operative heile året. Vi har ikkje hatt utgifter på den i det heile i år.
Heimeside.
Heimesida er no operativ som eit informasjonssenter mot eigne medlemmer, og vert brukt
aktiv frå styret til å spreie informasjon om organisasjonen vår.
Vi har no leigd oss plass på Webb-hotell, og fått domene www.himmelseglarane.com.
Heimesida har hatt over 4000 besøk sidan den kom i drift i februar!
I tillegg fungerar heimesida som ein informasjonsbase for heisførarane om kven som er
interessert i å delta i flyging.
Hovudmålet med tekstmeldingssystemet er:
"Å ha ein sentral plass der heisførarane kan orientera seg om interesse for
kollektiv transport, som er likeverdig for alle":
Erfaringane etter eitt års bruk viser at:
Det aller viktigaste er at alle som vil delta, får same høve til å melde seg på.
Kurs
Det vart starta eit kurs i år. Grunna dårleg vær og sjukdom hjå instruktør, - vart
ikkje kurset fullført i år,
Kurset skal avsluttast tidleg i 2002. 6 personar starta på kurset, og det er forventa at
3 vil fullføre.
Drift av skiheisa.
Driftsleiar til skisenteret signalisert i byrjinga av året at all privat bruk av
heisanlegget skulle opphøre, Styre såg seg nøydd å utarbeide klarare retningsliner for
heisdrifta som også driftsleiaren kunne stille seg bak, då vi etter heisselskapet sitt
syn ikkje skulle ha nokon særrett framfor andre til å nytte heisanlegget utanom vanleg
opningstid.
I regelverket har no heisførar orienteringsplikt mot alle flygarar, som har sagt seg
interesserte i å delta på transport på heisa. Anna publikum som eventuelt ville få
beskjed om at det foreligg heiskøyring på aktuelt tidspunkt, skal også ha transport.
Heisførarane er ansatt av skisenteret , og skal betrakte alle som publikum. I tillegg
skal driftsleiar ha beskjed om oppstart av heisanlegget.
Det vart også gjort klart at slik ekstra heiskøyring med lite publikum, - skulle
kompenserast 30kr. pr tur, - også inkl.heisførarane.
Ei anna innskjerping var at heisførarane skulle gjennomgå ei redningsøving 2 gongar
kvart år, for å tilfredstille krava til Veritas, noko som vart gjennomført.
Denne strengare haldninga frå heisselskapet hare vore til fordel for oss, då vi har
vorte tvinga til å tenke kollektivt, - og på denne måten unngår små grupper med
særrettigheiter. Vi har dessutan i inneverande år auka bemanninga frå fem til seks
heisførarar, og det er også ei styrking.
Ekstra positiv vilje frå heisselskapet til auka bemanning, fekk vi ved av at tre av
heisførarane stilte seg disponible som redningspersonell for skisenteret.
Representasjon.
Grunna anstrengt økonomi fekk vi ikkje representere på årsmøtet i HP-seksjonen.
Ove Røv representerte på sikkerheitsseminaret på Stjørdal samstundes med at han fornya
lisensen sin som instruktør.
Roger Lid var vald til varamedlem i Hang og Paragliderseksjonen i NLF.
Økonomi.
Økonomien også i år bar preg av dei store utlegga på klubblokalet. Store rekningar som styret ikkje visste om ved årsskiftet 2000-2001, kom inn ut på vårparten. Klubben ville hatt stort minus i kassa hadde det ikkje vore for norgescupen og inntektene som kom inn på programheftet. Sjølv om vi fekk inn midlar til å gi pluss i rekneskapen, har vi drive klubben med sparebluss. Vi representerte ikkje på årsmøtet i seksjonen, og deltok på Hell med kostnadsdeling med Ove Røv. Han representerte som sikkerheitskontakt i kombinasjon med oppfriskningskurse for instruktørar.
Flyging.
Laget har i år for fyrste gong arrangert ein "Pågåande konkurranse" innom
ulike greiner. Denne aktiviteten har resultert i bevisst grensestrekking av mange i
positiv lei.
Konkurransen var ein suksess, då engasjementet for å slå andre, - og eigne rekordar har
vore stor. Premieutdelinga var på klubbromet i haust, der kvar enkel deltakar fekk premie
uansett plassering. Suksessen med denne konkurransen der ein har kunne følgt resultata
på heimesidene, bør gjentakast i det komande året.
Værforholda har satt ein dempar på flyginga i sommar, noko som har resultert i
sporadisk flyging når forholda fyrst tillet det. Fjellområda rundt Ørsta har derimot
vorte betre utnytta enn på lenge.
Bondalseidet kunne ha vorte meir brukt om heisdrifta hadde fungert etter retningsline.
Instruktørsituasjonen.
Klubben hadde ved årsskiftet 1 instruktør, -Ove Røv. Han fekk fornya lisensen sin for 4 nye år på Hell i haust.
Uhell / Ulykke.
Også i år har vi vore heilt skåna for uhell.
Dugnad.
Ein enorm innsats frå mange medlemmar er lagt ned i skisenteret si teneste i år. Til saman har dei som har latt seg registrere under himmelseglarane si heimeside lagt ned samanlagt 290 timar. Vi fekk til ein bra avtale med skisenteret, der vi fekk ein relativt "lav inngang" då det vart tatt omsyn til at vi stort sett ville nytta korta i samband med flyging. Det har resultert i 7 personlege årskort, samt årskort på mange andre familiemedlemmar. Arne Jørgensen utmerka seg med 90 timar, og Asbjørn Langstøyl har hatt si andre "faste" arbeidsplass der i år.
For styret i Volda og Ørsta Himmelseglarlag i år 2001
Bjørn Berge
Formann