Nyhende og anna ny informasjon finn du her.
| Tilbake til 2004 |
| 2003 |
| 20.12.03:Jomfrutur på Laurdag
med ny Tandem. Allereide 1. dag etter sermoniell opning av Tandempakke, har vi fått logga 2 turar. ![]() |
| 20.12.03: Stor innsats i
Voldahallen. Bra innsats av nyekarane bortai Volda. Nødskjermkasting i eit sirkusliknande arangemang som seniorane neppe ville ha tørt å prøve seg på. Bjørn følte seg mest bekvem med å være journalist. Sjå dette>>>>>>>HER! (opne fila 1,4 Mb. ) ![]() |
| 15.12.03: Litt bilder frå
dugnad den 6. Desember. Siste dugnad for heisførarane (seniorlaget??) på heisa før sesongstart. Strekkprøve. Stolane skal losne frå Wiren med ei strekkbelastning på mellom 500 og 1000 kilo. ![]() |
| 14.12.03: Info frå styret. Styret vedtok på siste styremøte utlånsreglar for tandemskjermen. Du finn dei under nytt valg på framsida som heiter Booking. Øverst på Bookinglista finn du reglane for både tandem og klubblokale. Saknar du nøklar for klubblokale, ta kontakt med asbjørn Langstøyl, - eller nokon du kjenner som har nøkkel. (50kr) Same nøkkelen skal brukast for å få tak i tandemskjermen vår. NB. Booking-løysinga her er ein foreløpig versjon inntil Roy har kome på plass med ny løysinga med innlogging. Det vert same innlogging for både booking og mot gjestebok. Utestenging vert no lettare å handtere, då innlogging baserar seg på gjenkjenning av IP-adresser. |
| 14.12.03: Dugnad. Felles registrering av dugnad er no avslutta for i år. Siste økt var i forrige veke med strekkprøving av stolheisa. Dugnadslistene finn du HER. |
| 12.12.03: Info frå seksjonen HER |
| 01.12.03: Her er den nye
Tandemskjermen vår! Denne fargen er på lager i Tyskland, og vert levert til oss. ![]() http://www.up-europe.com/ Og her er tilbehøret: UP Sherpa tandemskjerm inkl. tandembar. Sup Air Duo Protech pilotsete inkl. 17 cm ryggbeskyttelse og karabiner. Woody Valley Mix passasjersele med karabiner, 17 cm. Ryggbeskyttelse og sidebeskyttelse. Tandemnødskjerm fra Charly. Utstyret er levert av Termikk & Rotor. Termikk og Rotor har sett i hop utstyrspakken for at den i størst muleg omfang kan være til "allround-bruk". (PS. Vi fikk inn 1000 kr gjennom Ørsta idrettsråd begrunna i behov for tandem.) BB |
| Finevær eller global
oppvarming? 9. Oktober +15 grader oppe, og 4-5grader nede gjorde kurshelga til ei oppleving. Litt bildemateriell frå helga: ![]() 8. Oktober Naturbilder frå Fjellet. |
| Største kursaktivitet i
klubben på fleire år. Roy underviste 6 elevar på Bondalseidet sist helg. Asbjørn Andersen laga ein fotoreportasje. ![]() |
| Stor medieinteresse kring
rekordturen til Roy Almestad og lagkonkurransen i lokalavisene. Klikk her og les Sunnmørsposten si dekning av saka. |
Hauststemning på Eitrefjell.![]() |
Meir bildestoff frå den 20
September ![]() |
| 19. September. Referat
frå klubbmøtet. Klubbmøtet var ein suksess. 13-14 møtte opp. ![]() Planenen om å avslutte med Bowling
sprakk, då dei faste postane varte med stort engasjemang heilt fram til nærare halv
tolv.. Konkurransegreina over mest spektakulær flyging vann Roy, med si landing på
Saudehornet i vår. Øystein, Kai Henning og Roy bidro med mykje stoff frå sommaren si flyging i utlandet, - som vi alle satte pris på. Klubbkassa spanderte Cola og Pizza på alle. |
| 20. September. Kanondag på
Bondalseidet. So mange himmelseglarar har der ikkje våre samla sidan påske.... ![]() dei seigaste måtte opp ein gong til, og kveldsstemninga var flott: ![]() Fornøgde no Kai? |
| Robert sin høgderekord over
Ulsteinvik den 29 Juli 2003 Den 29. juli 2003 hadde jeg en ganske spektakulær tur her hjemme på øyen. Helt klart uten om det vanlige. Sender med noen bilder som du gjerne kan legge ut på siden hvis du vil. Høgderekord (1670 meter) og den første til å krysse fjellet mot Flø. Link til turen HER |
30.08.03 Kveldstemning på
Oshornet ![]() |
| 24.08.03 Arne Jørgensen sin
tur frå Oshornet til Bjørdalen. Det såg etterkvart ut til å bli Oshorn-forhold med ustabil luft og nordlig vind. Sendte ut gruppemelding om mine planar. Fin fjelltur med familie, hund og kjentfolk. Svein B. dukka opp etter å ha kjørt opp vegen frå Volda. Bjørn og Sigrid kom ned frå Melshornet, dei var på fjelltur. Den fine startvinden løya sjølvsagt akkurat då eg var startklar. Starta på lite vind. Det vart ein del knoting for å komme opp ved vindpølsa, men sola skein og laga termikk. Etterkvart flaug eg ein tur bort på Niven, men her var det lite å hente. Den største høgda fekk eg nord for Melshornet, då det løsna ei skikkelig boble eit stykke ute. Vart veldig på vakt då eg såg at det kondenserte under meg. Lite fristande å plutselig befinne seg midt i ei sky! Men kva skulle eg bruke all denne høgda til? Det måtte bli å prøve seg austover. Flaug mot Hestehornet medan eg såg meg ut landingsplassar undervegs. Kom inn godt over toppen, og det steig svakt på eit rolig hang. Vann 70-80m på kvart legg, og når det ikkje var meir å hente kryssa eg Vatnedalen, overbevist om at det skulle gå greit å kome seg opp igjen langs sida på det ca. 1300m høge Snøhornet. Dengang ei! Heilt dødt langs fjellsida, så det var berre å fortsette stirrupflyginga. Såg no at det måtte bli landing i Bjørdalen, og plukka meg ut ei stor, nyslått mark. Under innflyginga til denne traff eg supersprelsk termikk i lav høgde. Prøvde å skru den, men den var berre interressert i halve skjermen, dessverre. Bildet viser hard jobbing for å kome seg opp ved vindpølsa. ![]() Link til turane: Arne, og Svein B |
| 13.08.03 Roy sin tur er
registrert i <<100km klubben. Konkurransesida vår ser også ut til å ha vorte eit vindu utad for prestasjonar. Les kva som står i http://home.online.no/~100km/ SØNDAG 03.08: |
| 02.07.03 Roy sin Reportasje
frå Oldenize Tyrkia De må være den maksimale flystad!!!! skårar en klar seksar på terningkast. Håvar Mårstøl og eg var der ei veke og fekk flyge termikk kvar dag. Skybas låg på 2500-3500 m, etter skybas følger en gigantisk sklitur over sjø med synk 0.5-0.7 m/s. På landinga fekk en pakka skjermen for 15.- Norske, og de va berre å sleppe av seg selen og nyte noke kaldt å drikke mens skjermen vart nøye pakka. Paraglidarar var å sjå i lufta frå kl 9 om morgenen til kl 8 om kvelden. Vinden var ikkjeover 4 m/s noken av dagane. På start (1969m) hadde dei lagt ut preseningar som en kunne legge skjermane på, ellers var de gode startplassar for alle vindretningar. Transport frå stranda/hotellet til start kosta ca 80.- Norske. Her vert de heilt sikkert tur seinare, kansje allereide i september. Linkar: -info om plassen http://home.online.no/~olasaks/goodies/Tyrkia/tyrkia2001.htm http://www.babadag.com/ingilizce/indexing.htm - vær http://servlet.dmi.dk/rejsevejr/servlet/RejseServlet?city=160090007 |
| Flydag 29.06.03 Paraglidarane hadde også sin del av showet denne dagen i eit ganske tett luftrom, men under full oversikt frå tarnet, - som informerte heile tida om kvar to paraglidarar bevega seg på Nordsida av sentrum. ![]() |
| Referat frå Styremøte 6 Juni finn du HER |
| Brekkeheida 30.Mai 2003 Hugo har stillt med bilder frå denne dagen, -då vi hadde flyging heilt til Wille Bru med Arne J., og til Standalseidet med Asbjørn A. ![]() |
| Invitasjon frå Førde
luftsportsklubb Hei. Helsing Førde Luftsportsklubb Arne Kleiven. |
| Invitasjon fra Roy Almestad
til spenstig sommarferie. Hei, vi e
to som tenke på å ta ei veke i sør Spania og flyge PG. Hadde vore artig å få med
fleire, he fått en link til et firma som ordner med alt. Skybasen på en god dag ligge på 3500m !!, dei høgaste fjelltoppane i området Sierra Nevada e godt over 3000m (Iberian Peninsula 3.481 m) linken>> HER mvh. Roy |
| Milslukeren 2003 Info om den finner du HER |
| NC2003 Oppsummering Sett ut i frå at NC kunne ha gått langt værre, gjekk det i grunnen ganske bra: Vi har hatt ein konkurranseomgong, der den beste ikkje fekk noke gratis. Det var flygbart kvar einaste dag. Det sosiale på Fredagskvelden fungerte bra, og det vart til og med gratis overskots-suppe til alle på Laurdagen. Økonomisk gjekk det svært bra, med bakgrunn i annonseheftet og startavgift. Alle i klubben som hadde oppgåver gjorde ein god innsats. Det er vanskeleg å skilje den eines innsats frå den andre, og det vil heller ikkje være riktig. Men det var to personar som utmerka seg, og desse var: Birger Wille sto på 100% for å få til vellukka grilling på landing. Grillen og det gode humøret vart det naturlege sosiale treffpunktet, og var absolutt ein kritisk faktor for eit vellukka arrangemang. Hans Martin Dypvik som stod for annonsehefte med div innslag, -vel vitande, at han ikkje ville væra tilstades ein einaste konkurransedag. Jobba med heftet til langt på natt midt opp i ein månedslong kjøkenrestaurering før konfirmasjon. Dette var ein viktig jobb som bidro til å sikre oss eit godt økonomisk resultat, -som også ga oss mulegheit til å ta sjangsen på innleigd kokk. Formannen. |
| NC2003 Dag 3 Det var flygbart, men ikkje oppgabelt.. Eit cirrus-slør med tiltjukning av stratos stengde tilslutt ute sola ute, og ei ambusiøs oppgåve endte opp i noke ynkeleg styr. Det vart i alle fall friflyging. |
| NC2003 Dag 2 Det var flygbart, og oppgabelt. Etter at ei intens snøbyge opp, opna konkurransen. Mange opplevde denne turen som svært ubehageleg, då ho gjekk gjennom turbulent luft i skybas med snø og haggel, - og masse motvind tilbake frå Sæbø. Rolf Dale kom lengst, -nede i nakken. Han fraus sånn på fingra, at hadde han vore kvinnfolk hadde han grine. Triveleg sosial kveld på Åmdal Ungdomshus, med MPG-oppvising. |
| NC2003 Dag 1 Det var flygbart, men ikkje oppgabelt. For den som enno ikkje har fått med seg kva Mohammed Al-Sharif sa>> LINK HER |
Meir Påskekavalkade,
( og meir frå Kim fylgjer seinare ) ![]() |
| Torsdag 17.. April Bildekavalkade. |
| Onsdag 16. April |
| Kalsethola. Øysten
og Bjørn prøvde å få kontakt med grunneigar til Kalsethola i dag. Det lukkast ikkje,
men vi var ein tur og såg på staden. Det er marginalt med plass sidevegs, men ellers er
der eit potensiale til snarveg mot Rotsethornet som må vurderast. Det vert ikkje jobba
meir med prosjektet før vi har samtykke med grunneigar til å få lov til å opparbeide
ein startplass. |
| Viktig Info om SMS Skisenteret
har ikkje motforestillingar til at Himmelseglarar "lyttar" på interne
SMS-meldingar FRÅ skisenteret TIL redningsgruppa og
andre involverte. Denne spesialmeldinga er tilrettelagt av Hans Martin under
himmelseglarane sin SMS-konto. På denne meldinga vil vi alltid dagen i førevegen få
vite om det er planar om ekstrakøyring på kvardagar. Vidare vil vi presisere at du ikkje skal sende frå GRHEISA. Berre lytte. Årsaka til dette er at denne meldinga vert nytta til å informere Ole Flø og medlemmane om heisdrift i eigen regi. Vil du sende melding av generell karakter som ikkje vedkjem Ole Flø, så bruk
GRFLYGE. |
| Info frå Riksanlegget |
| Referat frå styremøte
13.03.03 Sak1. NC-cup Sak 2. Klubblokale. For å gjere det meir oversiktleg for alle om korleis ein skal forhalde seg til reservasjon av klubblokale samla styret seg om nokre enkle retningsliner. Sak 3. Værstasjonen. På grunn av tekniske mistilpassingar mellom eldre elektronikk og moderne PC-teknikk, viser det seg at stemma i verstasjonen ikkje lar seg omprogrammere. Styret bestemte seg for å fjerne både Tussa og Kreditkassen ( Det lot seg gjere ), og Bjørn fekk fullmakt til å få det meste ut av Sparebanken knytta til annonsering på skisenteret og på heimesida. Sak 4. Himmelseglarane har ingen i styret som har anleding til å delta på Årsmøtet i seksjonen og NLF. Sak 5.Orientering frå Bjørn om voksenopplæringsmiddlar ( kr 5620 ) som vi vil motta etter ferdigstillt kurse. Sak 6. Bjørn fekk i oppgåve å undersøke mulegheiter for førstehjelpskurs. Sak 7. Orientering om Ølpengar og grunngjeving i søknad. Sak 8. Premie Fotokonkurrane. Det vart vedteke å lage høgtideleg fotoforstørrelse i Glas og Rame. Styre drøfta vidare fylgjande saker, som ikkje la opp til avrøysting. |
| 01.03.03 14 dagar med sol er over. Kurset til Ove er snart ferdig, og det står berre nokre ytterst få hødeturar igjen med 2 av elevane. Det har vor mykje flyging, men av ytterst lite termisk karakter. Likevel har dette vore ei fineversperiode som ein ikkje kan hugse på manns minne, og er absolutt verd ein bildekavalkade. ![]() (Bilder lagra under bildearkiv 2003) BB |
| 24.02.03 "Rimeleg bra" tandemstart ![]() |
| 18.02.03 "Rimeleg bra" elevstart. ca 500kb videosnutt. Komprimert kvalitet. |
| 18.02.03 Hei til alle PP4 og PP5 piloter. Vedlagt er en undersøkelse fra KKPG vedr. distanseligaen. Svar sendes KKPG og ikke til seksjonen. Noen av dere kan ha fått denne mail før og vi ber dere se bort i fra den hvis dere har sendt inn svar. Vennlig hilsen <<Hvordan skal distanseligan være.doc>> Arne H. Hillestad Fagsjef og daglig leder, Hang og Paragliderseksjonen |
| 16.02.03 Denne helga vil av enkelte hugsast lenge, og då spesielt av elevane som fekk sine første høgdeturar. Viser her ei lita bildekavalkade frå denne helga.
|
| 08.02.03 Det er no mulig å legge inn egne bilder knytta til gjesteboka vår, - bilder som ein kanskje har lyst å vise fram, eller bilder som ein vil ha med i konkurranse. Bildearkivet vårt skal forsatt bestå, og det skal fortsatt få utvikle seg, og då med utgangspunkt i bilder som kjem via gjesteboka. Med innlegging av bilder som er kobla til gjesteboka, har no alle lik muligheit til å legge ut bilder sjølv. Det nye bildearkivet har ingen begrensingar i bildestørrelse på 30kb, slik vi er kjent med fra loggboka. Vi benyttar oss av ein eigen kjempeservar som ikkje set bregrensingar, og er heilt fri for "pop-ups". Der er likevel praktiske bilde-begrensingar, men berre knytta til nedlastingstid for den som skal sjå på. Greier ein å halde seg innanfor 100kb, er det det beste. Arne har forska på dette, og har kome fram til at eit av alternativa er å opprette eit fotoarkiv på http://foto.vg.no. Her kan du kun linke til fotoalbum, og ikkje til bilde. Det har leverandøren laga sperre for. Link deretter direkte til fullstørrelse av bilde. Sett i gang og prøv, og meld tilbake
om kva du synest.!! |
| 24.01.03 Heimesida. Bildearkivet er oppdatert, og den som ikkje ynskjer å delta i den presentasjonen som no ligg føre, må melde fra. Til dokke som enno ikkje er representert i bildearkivet, kjem det desverre av at heimesida manglar fotomateriell. Så det er berre å bidra! Ole-Johann Jøsokbakke har bidrege med skikkeleg bra bildmateriell, som no er lagt inn i fylgjande arkiv: NC2002, som no ligg inne blandt dei øvrige "2002 i bilder" Ut av dette er dette materialet er det no oppretta nye personlege bildearkiv for Himmelseglarar med hovudmedlemsskap i F.O.G. Paragliderklubb. Dette gjeld Robert, Luis og Hans Ove. Bildearkiv for Ole-Johann, Arne Jørgensen, og samlearkiv frå Ulstein og omegn er også oppdatert. Dei som har føringar i loggboka, har linkar dit frå bildearkivet. Takk til Ole-Johann. |
| 24.01.03 NC2003 NC2003 informasjonen er også oppdatert. |
| 24.01.03 Vedr Fri Flukt. Det ser ut til at "dei hine tek etter oss" med vindmålar som gulrot for engasjemang: Hei på dere alle! |
| Link til tidlegare nytt finn du HER LINK |