Velkomen til NC-PG 2006
i regi av:
Volda og Ørsta himmelseglarlag.

No inn i det 15.te året med NC-PG!!

Himmelseglarane ynskjer alle som vil delta i konkurranse, eller berre flyge, velkomen til NC 2006 på Bondalseidet. Vi startar arrangementet den 25. mai kl 10:00 på hovudlandinga, med briefing. Der vil det verte nærare orientering om arrangemanget. Vi vel samstundes ymse funksjonar for å tilfredstille ei korrekt gjennomføring av arrangementet.

Og då skal det då sjå ut på briefinga!

nc2002.jpg (115576 bytes)

I år vil vi altså gjere eit nytt forsøk på arrangere NC i PG.
Vi har no lagt forholda godt tilrette med spesialavtale med vergudane.
-Og med det dårlege fly-veret vi har hatt hittil i år, vil termikkdemonane ikkje verte til å spøke med når dei fyrst tek laust.
Konkurransemessig var arrangemanget i fjord sånn midt på tredet, med to godkjende omgangar. I år skal vi ha 4!

Det sosiale vert på Fredag.

Sidan NC i år ligg i siste enden av Mai, - med varmt forsommarvær, - (og ikkje snø), har styret beslutta at det sosiale skal foregå i friluft.

I år skal vi halde til på ute"restauranten" til Åmdal Ungdomshus, ved utløpet av vatnevatnet. Der er det ein vaksen grill, og godt med sitteplassar.Tanken er at vi sjølv står for det som skal grillast. Himmelseglarane står for innkjøp av grønt, potetsalat og brød. Drikke og grillmat får alle ordne seg med sjølv.
Etterpå samlar vi inn litt kollekt slik at utgiftene til mat, grillkoøl osv. vert dekte.

På ungdomshuset er det WC og mulegheit til å parkere bubilar, (mulegheit for straum)

Meir informasjon om Kveldstreffet på Briefinga fredag.

Velkomen til ei vellukka konkurranse og eit vellukka sosialt arrangement.
Alf Børre Otterdal Formann

Til overnatting anbefaler vi :

Sæbø/ Bondalseidet:
Norlandia Sagafjord Hotell, Sæbø, Tlf 70 04 02 60  (NB har spesialtilbod for NC-tilreisande)
Hjørundfjord camping, Sæbø Tlf: 70040016
Bjarne Rekkedal, leiger ut unikt restaurert hus 1. km frå landing.Tlf: 70040019
Bondalselva camping, Sæbø Tlf: 70040300

I Ørsta
Norlandia Vikingfjord Hotell, 6150 Ørsta Tlf 70 06 68 00  (Har spesialtilbod for NC-tilreisande)
Ørsta Camping tel. 700 66 477
Brudavoll Gard / Hytteutleige " 700 66 700