Norges-Cup Paragliding Bondalseidet
NC-PG på Bondalseidet blir i år arrangert i tidsromet fom. 20. Mai tom. 23. Mai

Himmelseglarane ynskjer alle som vil delta i konkurranse, eller berre flyge, velkomen til NC 2004 på Bondalseidet. Dette vert det trettande året med NC i Paragliding. Gjennom åra har vi fått mange gjengangarar som kosar seg både sosialt og sportsleg ved å oppleve Sunnmørsalpane frå lufta.
Vi startar arrangementet den 20. mai kl 10:00 på hovudlandinga, med briefing. 
Hovedlandinga finn du ved  riksvegen, ved avkøyringa til Ørsta skisenter midt mellom Ørsta og Sæbø.

Der vil det verte nærare orientering om arrangemanget, og val av ymse funksjonar for å tilfredstille ei korrekt gjennomføring av eit vellukka arrangement.

Sosiale
Det sosiale i år vert på Fredags kvelden. Vi har leigd Ungdomshuset i Åmdalen, som mange sikkert kan hugse frå tidlegare NC-cupar.  Der kan vi benytte oss av storsalen, og no med med fri tilgong til uteparken direkte frå salen. I år har vi arrangemanget sopass seint på året, at vi forhåpentlegvis kan være ute i parken utan å fryse. Oppmøte på dette arrangemanget er obligatorisk!
Vi har den glede å fortelje at stamkokken stiller for oss i år også. Ein ekte sjøulk av ein kokk frå ytst i Hjørundfjorden, som ikkje let seg skreme av storetarar.
020503e_small.jpg (1906 bytes)
Det er vel ingen som gløymer maten han laga i 2002, der 60 liter byggmjølsupe og svineknoke gjekk ned på høgkant! For ikkje å snakke om i fjor der vi i tillegg fekk kose oss på landinga med varme restar frå dagen i forvegen.
I år vert det på menyen: Hald dokke fast. Geit. Ein rett som garantert ingen frå tjukkaste Oslo-gryta har smakt før.
Det vert servert Geit med brun viltsaus, servert med poteter og grønnsaker, - denne gongen på flat tallerken. Garantert suksess. Ikkje berre det, men Svein har lova oss at restane, - som han meiner vert rikeleg av, vert laga om til brennsnut som vi kan varme opp på grillen dagen derpå. Gratis som i fjor!

Og hvis nokon meinar dei har behov for revansje i hesteskokasting, vert det også anledning til det.

Det vert orientert nærare om dette arrangemanget på første briefing. Vi reknar med same kostnad som i fjor.

Spørsmål om arrangementet  kan rettast til ein i styret for himmelseglarlaget.
Leiar/ Stemneleiar i laget er Roy Almestad  

Vi minner igjen om at arrangemanget skal gå over fire dagar, og vi håper difor på fleire godkjende omgangar i bra veir.

(Og til dei som meiner at sunnmøringar gliser for mykje når dei samlar inn påmeldingsgebyr, så er satsane fastsett av KK-PG. Så det så.....Vi er berre så innmari fotogene når vi blir tatt bilde av i slike situasjonar. )

Velkomen skal De være, for her vert det triveleg:

Berre sjå bilda frå i Fjor:

020503i_small.jpg (2382 bytes)  020503g_small.jpg (1863 bytes)   010503d_small.jpg (2636 bytes)   020503h_small.jpg (1526 bytes)   020503f_small.jpg (2399 bytes)   020503k_small.jpg (1948 bytes)

Til overnatting anbefaler vi :

Sæbø/ Bondalseidet:
Sagafjord Hotell,
Sæbø, Tlf 70 04 02 06. Spesialpris for NC-arangemanget:
Per pers i dobbeltrom med frokost: 345,- (ordinært 545,-)
Per pers i enkeltrom med frokost: 545,- (ordinært 895,-)

Priskode: 'himmel', og er tilgjengeleg ved ledig kapasitet.

Hjørundfjord camping, Sæbø Tlf: 70040016
Bondalselva camping, Sæbø Tlf: 70040300

I Ørsta
Vikingfjord Hotell, 6150 Ørsta Tlf 70 06 68 00 
Ørsta Camping tel. 700 66 477
Brudavoll Gard / Hytteutleige " 700 66 700

for Styret: Bjørn Berge