| NC2003 Oppsummering Sett ut i frå at NC kunne ha gått langt værre, gjekk det i grunnen ganske bra: Vi har hatt ein konkurranseomgong, der den beste ikkje fekk noke gratis. Det var flygbart kvar einaste dag. Det sosiale på Fredagskvelden fungerte bra, og det vart til og med gratis overskots-suppe til alle på Laurdagen. Økonomisk gjekk det svært bra, med bakgrunn i annonseheftet og startavgift. Alle i klubben som hadde oppgåver gjorde ein god innsats. Det er vanskeleg å skilje den eines innsats frå den andre, og det vil heller ikkje være riktig. Men det var to personar som utmerka seg, og desse var: Birger Wille sto på 100% for å få til vellukka grilling på landing. Grillen og det gode humøret vart det naturlege sosiale treffpunktet, og var absolutt ein kritisk faktor for eit vellukka arrangemang. Hans Martin Dypvik som stod for annonsehefte med div innslag, -vel vitande, at han ikkje ville væra tilstades ein einaste konkurransedag. Jobba med heftet til langt på natt midt opp i ein månedslong kjøkenrestaurering før konfirmasjon. Dette var ein viktig jobb som bidro til å sikre oss eit godt økonomisk resultat, -som også ga oss mulegheit til å ta sjangsen på innleigd kokk. Formannen. |
| NC2003 Dag 3 Det var flygbart, men ikkje oppgabelt.. Eit cirrus-slør med tiltjukning av stratos stengde tilslutt ute sola ute, og ei ambusiøs oppgåve endte opp i noke ynkeleg styr. Det vart i alle fall friflyging. ![]() |
| NC2003 Dag 2 Det var flygbart, og oppgabelt. Etter at ei intens snøbyge opp, opna konkurransen. Mange opplevde denne turen som svært ubehageleg, då ho gjekk gjennom turbulent luft i skybas med snø og haggel, - og masse motvind tilbake frå Sæbø. Rolf Dale kom lengst, -nede i nakken. Han fraus sånn på fingra, at hadde han vore kvinnfolk hadde han grine. Triveleg sosial kveld på Åmdal Ungdomshus, med MPG-oppvising. |
| NC2003 Dag 1 Det var flygbart, men ikkje oppgabelt. For den som enno ikkje har fått med seg kva Mohammed Al-Sharif sa>> LINK HER |