Norges-Cup Paragliding Bondalseidet
NC-PG på Bondalseidet blir i år arrangert 1. tom.
4. mai 2003
Himmelseglarane ynskjer alle som vil delta i konkurranse, eller berre flyge,
velkomen til NC 2003 på Bondalseidet. Dette vert det tolvte året med NC i Paragliding.
Gjennom åra har vi fått mange gjengangarar som kosar seg både sosialt og sportsleg ved
å oppleve Sunnmørsalpane frå lufta.
Vi startar arrangementet den 1. mai kl 10:00 på hovudlandinga, med briefing.
Hovedlandinga finn du ved riksvegen, ved
avkøyringa til Ørsta skisenter midt mellom
Ørsta og Sæbø.
Der vil det verte nærare orientering om arrangemanget, og val av ymse funksjonar for å tilfredstille ei korrekt gjennomføring av eit vellukka arrangement.
Sosiale
Det sosiale i år vert på Fredags kvelden. Vi har leigd Ungdomshuset i Åmdalen, som
mange sikkert kan hugse frå tidlegare NC-cup. Der kan vi benytte oss av storsalen,
og no med med fri tilgong til uteparken direkte frå salen. Oppmøte på dette
arrangemanget er obligatorisk!
Då vi var sopass fornøgde med kokken i fjor, har vi den gled å fortelle at han stiller
i år også. Ein ekte sjøulk og kokk frå ytst i Hjørundfjorden, som ikkje lot seg
skreme av storetarane han opplevde i fjor.
Det er vel ingen som gløymer maten han laga, der 60 liter byggmjølsupe og svineknoke
gjekk ned på høgkant!
Og hvis nokon meinar dei har behov for revansje i hesteskokasting, vert det også
anledning til det.
Det vert orientert nærare om dette arrangemanget på første briefing.
Spørsmål om arrangementet kan rettast til ein i styret for himmelseglarlaget.
Leiar i laget er Bjørn Berge
Vi minner igjen om at arrangemanget skal gå over fire dagar, og vi håper
difor på fleire godkjende omgangar i bra veir.
Berre sjå bilda frå i fjor:
Til overnatting anbefaler vi :
Sæbø/ Bondalseidet:
Sagafjord Hotell, Sæbø, Tlf 70 04 02
60
Hjørundfjord camping, Sæbø Tlf: 70040016
Bondalselva camping, Sæbø Tlf: 70040300
I Ørsta
Vikingfjord Hotell, 6150 Ørsta Tlf 70 06 68 00
Ørsta Camping tel. 700 66 477
Brudavoll Gard / Hytteutleige " 700 66 700