Oppsummering NC2002 på
Bondalseidet |
Bondalseidet viste seg frå si beste side, med snø
dekte tinder, vår-frodige sider og blå himmel med termikk gjennom det meste av
konkurransen.
25 pilotar deltok i konkurransen på Torsdag og Fredag, og like mange flaug utanfor
konkurransen.
For sterk vind laurdag og søndag, førte til at det ikkje vart konkurranse desse
dagane, sjølv om enkelte nok kunne tenke seg å teste termikkdemonane som fekk
vindmålaren til å vise dobbelt styrke i kasta.
Vi hadde kalkulert med gode prognose for ein tredje omgong på Søndag, og med
melis-ny-snø på dei høgste toppane og sterk sol, vart det ingen tvil om at det var
termikk. Problemet var at det var for mykje av det gode, samt vindprognosar som tilsa at
vindne ville auke.
Difor vart det premieutdeling på landinga på søndag formiddag, der også NC-samanlagt
for fjordåret vart det ut.
Men vi hadde håpa på minst to konkurransedagar - og det vart det.Festen på fredag
var ein suksess, som vart avslutta med hesteskokasting og høg stemning i 12-01-tida, ved
hjelp av lyset frå eit T-lys. Ein kjekk og fin kveld på klubbhuset på Legene, der det
var nærast tropevarme då mørket kom. Siste resten av fest-suppa forsvant til
nattmat- totalt 45 liter på 58 personar, så det fall tydelegvis i smak.
Det er berre ein fryd å arrangere ein NC, når ein har ein gjeng med idealistar som tek
eit tak når det er noko som skal gjerast. Takk også til Birger Wille som sytte for mat
og drikke torsdag og fredag, og alle andre som tok eit tørn ved kiosken. Dette satte ein
ekstra spiss på stemninga på landing.
Hans Martin Dypvik |
 |
...og dermed var det slutt for denne gong på Bondalseidet. Dugnadsgjengen
frå arrangørklubben er fornøgd,
og det er også dei som har hatt eit fint opphald denne langhelga. Velkomen tilbake neste
år (foto: Hans Martin). |
 |
Den ivrigaste dugnadsgjengen under NC-02 er fornøgde med årets
arrangement. . Frå Venstre:
Arne Jørgensen, Bjørn Berge, Alf Børre Otterdal, Hans Martin Dypvik og Asbjørn
Langstøyl.
Så var det berre å rydde opp, ta ein kort oppsummering og levere alle bilag og pengar
til kasserar
Hugo Svanøy, som får nok å gjere dei næraste dagane. (Foto: R.F Møre-Nytt) |
 |
Dette er frå auststarten under første konkurransedag, med ei
oppgåvepå 41 km, der ein mellom anna
skulle flyge til Sæbø som ein skimtar i bakgrunnen. (foto: Hans Martin). |
 |
Vinneren av Norges-Cup-omgangen på Bondalseidet 02, vart Arne
Årsborg frå Romsdals-
tindene Paragliderklubb. Her med leiear Bjørn Berge tv. og Asbjørn Langstøyl (foto:
Hans M). |
 |
Briefing på Auststart (foto: Ole-Johan Jøsokbakke). |
 |
Endeleg tok dei første avgårde, og svirra seg opp som fluger
frå ein lort.
Blåtind neste! (foto: Ole-Johan Jøsokbakke).
|
 |
Arne viste veg! (foto: Ole-Johan Jøsokbakke).
|
|