Siste info frå styret:

Birger Wille har teke på seg oppgåva å halde folket med mat; HVIS veret tillet det. På hovudlandinga vert det anledning å få kjøpt nygrilla pølser med brød ( lompe), i tillegg til mineralvatn. MEN denne serveringa startar ikkje før folket har byrja å samle seg på hovudlandinga ut på dagen. Det vil difor vere eit dumt trekk å satse på frokostservering på føremiddagen.
Stemneleiing og startarar på dei fire  cup-dagane finn du link til her.
Meir info om fredagskvelden.

Alle må innfinne seg kl. 19:00.

Til maten vil vi servere akevitt. Samlapris er foreløpig kalkulert til kr 150. Endeleg påmelding, og fastsetjing av pris vert på Briefing Fredags morgon.
Det vert anledning til å kjøpe øl, -til sjølvkost Så noko behov for å ta med eige skulle det ikkje vere. ....Hvis ein då ikkje er veldig tørst.

Vi får og gleda av å presentere Ørsta sin dyktigaste modell-fly flygar, som vil visa oss luftakrobatikk på sitt beste.  Dette sjølvsagt berre hvis veret tillet det, og hvis han ikkje har kræsja flyet allereide..

Av underhaldning ellers, legg vi opp til ein utandørs konkurranse. >>>> Hesteskokasting!

No inn i det 11.te året med NC-PG!!

Himmelseglarane ynskjer alle som vil delta i konkurranse, eller berre flyge, velkomen til NC 2002 på Bondalseidet. Vi startar arrangementet den 9 mai kl 10:00 på hovudlandinga, med briefing. Der vil det verte nærare orientering om arrangemanget, og val av ymse funksjonar for å tilfredstille ei korrekt gjennomføring av eit vellukka arrangement.

Og då skal det sjå slik ut på briefinga!

nc2002.jpg (115576 bytes)

I år vil vi altså gjere eit nytt forsøk på arrangere NC i PG. Fjordåret forsvann som vi alle hugsar i gråvær, - sjølv om det vart masse flyging.

Vi har ordna oss med spesialavtale med vergudane denne gongen.

-Og med det dårlege veret vi har hatt hittil i år, vil termikkdemonane ikkje verte til å spøke med når dei fyrst tek laust.

Konkurransemessig var arrangemanget i fjord ein nedtur, men sosialt så absolutt ein opptur. Som dei som var her hugsar, framskunda vi den sosiale delen, slik at alle kunne få høve til å freiste lukka andre stadar, - der veret var beire.

Det sosiale:

Ikkje at vi forventar repetisjon av fjordårsveret i år, ( tvert om, for statistikken tilseier no 5 gode år! ). Men av erfaring har vi no likevel lagt det sosiale til fredagen.
-Vi kan ikkje rekne med at det kvart år er like lett å flytte dag som i fjor.
Men så var no Christian Gard på Trandal ein ytterst spesiell bar, ein so spesiell bar at Frank etter det vi no har skjønt, måtte spørje sjølvaste gardsmerra til råds då vi ville flytte på dagen! Då gardsmerra ante at vart ho vrang no, så ville det verte skrint med kjøpeøl og edel cognac denne helga. Valet for merra vart enkelt, ein flokk med flygarar vart nok rausare med godsakene, -og langt meir å foretrekke enn fine byfruer på femtiårslag.

I år skal vi halde til på Legene idrettshus nederst i Åmdalen. Men ei erfaring frå Hjørundfjorden har vi teke med oss. Og det er kvalitet!

Vi har hyrt inn ein spesialkokk frå Stavset, som heiter Svein (Stavset). Erfaringane frå i fjor då ein flokk holsvoltne flygarar snaudåt ein bar på hi sida ta Hjørundfjorden sit djupt, og har gjort oss ytterst skeptiske. Der hjalp det ikkje ein gong med kjemepereker for å stille svolten, og etter det vi høyrer sit Frank bakerst på skambenken enno.

Nei, i år har vi hyrt spesialkokk, med ett klart oppdrag: Å lage spesialmat for spesielt svoltne flygarar. Svein skal lage ekte god norsk bondekost, - mat i djuptallerken so smakfull og næringsrik, at sjølv den finaste byfrue vil sperre opp augene, og heller foretrekke ein kveld til bords med ein sleten flygar, framfor å nyte kanapeèr med herremenn på Tillboden i Ålebyen. Og alt dette gode skal vi nyte med ein skvett akevitt. -.

Velkomen til ein vellukka konkurranse og eit vellukkasosialt arrangement.
Bjørn Berge Formann

Påmelding til konkurransen:

Påmelding til bjorn.berge@tussa.no  eller hamd@hivolda.no eller andre i styret. Adressene finn du her på nettet.

 

Oppdatert informasjon om denne konkurransen vil du finne via NAK sine heimesider.

Påmelding til bjorn.berge@tussa.no  eller hamd@hivolda.no eller andre i styret. Adressene finn du her på nettet.
Stemneleiar er Bjørn Berge. Tlf. under arrangementet er: 91 85 25 53

Til overnatting anbefaler vi :

Sæbø/ Bondalseidet:
Norlandia Sagafjord Hotell, Sæbø, Tlf 70 04 02 60  (NB har spesialtilbod for NC-tilreisande)
Hjørundfjord camping, Sæbø Tlf: 70040016
Bjarne Rekkedal, leiger ut unikt restaurert hus 1. km frå landing.Tlf: 70040019
Bondalselva camping, Sæbø Tlf: 70040300

I Ørsta
Norlandia Vikingfjord Hotell, 6150 Ørsta Tlf 70 06 68 00  (Har spesialtilbod for NC-tilreisande)
Ørsta Camping tel. 700 66 477
Brudavoll Gard / Hytteutleige " 700 66 700