Norgescup i Paragliding 2001 Bondalseidet.

-------------------------------------

Oppsummering NC 2001.

For å dele inntrykka av NC2001 i Ørsta med alle medlemmane har vi lagt ut det vi har av stoff om arrangemanget.

Innleiingsvis var arrangemanget eit økonomisk meisterstykke, ikkje fordi vi blei så rike av det, men at vi unngikk økonomisk ruin for laget, etter overskridingane ved gjenoppbygginga av klubblokalet. Takk vere solidarisk og frisk innsats fra mange gode himmelseglarar, har vi no pluss i rekneskapen, og dermed unngått ein svært ubehageleg prosess for mange.

Arrangemanget vart egentleg vellykka, hvis vi ser på det sosiale, - og ser bort frå det konkurransemessige.Det vart to trivelege dagar både for arrangørar og gjester, og ingen var sure. Sjå ellers "Redaksjonelt stoff til Fri Flukt"
I.hht. utale frå Ronny Helgesen er han for gammal til å la seg stresse av været som ikkje blei bra, men bruke heller tida til å kose seg med det han kan. ( Han hadde med seg modell-seglfly !)

Nedanfor finn du.
Redaksjonelt stoff til Fri Flukt
Bilder Fra Trandal
Filmsnutt fra Trandal
Annonse for NC-PG i Ørsta i Fri Flukt

Redaksjonelt stoff til Fri Flukt:

NC2001 i Ørsta

NC 2001 i Ørsta vart avvikla utan nokon godkjende omgangar. Vergudane var ikkje med oss, og heldt ei klam fuktig hand over oss utan tendensar til termikk. Himmelseglarane bestemte seg allereide før briefinga å avkorte stemnet til to dagar, og ikkje køyre over fire som planlagt. Vermeldingane var klar i talen, og ga ei verprognose med ei negativ utvikling i tidsromet. Største sjangsen til konkurranse var på nasjonaldagen og den påfylgjande dag, og vi ville satse allt på desse to dagane.Etter dette tidsromet vart det bestemt at gjestane våre kunne reise heim, eller til andre stader med bedre veir.

Sjølv om det ikkje vart floge ein einaste konkurranseomgang, hadde vi hell i uhellet,- og vinden stod svakt inn fra vest. Området i og utanfor kafeen vart dei sosiale samlingspunkta, der det vart muleg å få både varme og mat, - og utleggingsområde for flyging. Og flyging vart det, - mykje flyging. Himmelseglarane fekk takk vere avlyste omgangar oppleve looping med paragliding, for fyrste gong i historia på Bondalseidet.

Sidan arrangemanget gjekk på den 17. Mai, måtte dei få frammøtte himmelseglarane ta på seg alle praktiske oppgåver, -alt fra billettering og køyring av heis, til matlaging og kafedrift. Sjølv om det vart mange hattar å skifte i løpet av dagen, synast vi sjølve vi greide oppgåva bra. Ingen av gjestane klaga eller var sure.

For at arrangemanget ikkje skulle gå aldeles på tryne, - og ut i ingenting, flytta vi det sosiale på Trandal fram til Fredag. Etter det vi sjølv opplevde, og etter dei tilbakemeldingane vi har fått, var det eit godt trekk, og eit vellykka arrangement. Alle koste seg med kjempereker, ( og enkelte små ( veldig små)). Det Frank Storeide på Christian Gaard ikkje hadde rekna med, var at han hadde med storetarar å gjere, som ikkje hadde sett mat på heile dagen. Resultatet var at vi heldt på å ete han tilbake til skambenken i kirka. Men takk til ærlege sjeler på bussen heimatt, fekk vi inn meir pengar, og flytte Frank i allefall ei benkerad fram. Alt i alt vil Himmelseglarane tru Christian Gard og Hjørundfjorden vart ei minneverdig oppleving for alle, - for kvar ellers i landet kan ein finna ein bar med badekar på do, og ein hest som dørvakt.

Vel møtt til Ørsta til neste år, til NC-PG 2002, -og knallveir!