
Vi i Volda / Ørsta Himmelseglarlag vil med
dette invitere deg og vennane dine til den 18. NorgesCup
i paragliding distanse på Bondalseidet.
Vi vil også i år legge opp til ei
fantastisk langhelg der flyging over Sunnmørsalpane skal vere ei oppleving,
kanskje som i 2008 eller betre om det går an. Vi vil også prøve å ta opp ynskje
frå dykk om å få til dei gode
sosiale samværa, som vi er kjende for i lange tider tilbake.
Første brifing vert ved hovudlandinga laurdag 9/5 Kl. 1000
Nærare informasjon finn du på vår heimeside www.himmelseglarane.com
Overbatinngsforslag:
Ørsta Camping
700 66 477
Bondalselva Camping
700 40 300
Hjørundfjord Camping
700
40 016
Brudevoll Gard/Hytteutleige 700 67 105
Ellers er det plass til campingvogner v. nedre heisstasjon på Bondalseidet
Skisenter, der det er tilkomst til
Straum og WC. Reinhald av WC er eit kollektivt ansvar, også opprydding ved avreise.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med stemneleiar Asbjørn Andersen på telefon
905 66 308 eller på mail til
as.anders@c2i.net.
Ellers har stemneleiinga beslutta å ikkje
legge ut påmeldingslistene på førehand, då slike påmeldingar ofte skjer
tett opp i arrangemanget, og vil soleis gi eit feil intrykk av antall deltakande
konkurransepilotar.
