Kollektivt Flyradiokjøp

Bakgrunn.
Styret beslutta på styremøte 23.05.02 at ein del av overskotet frå NC2002 skal førast tilbake til medlemmane.
Det vart einigheit om at innkjøpsstøtte til flyradioar er eit godt formål. Flyradioar er eit verkty som gagnar både flysikkerheit, og vil kunne bidra til å bedre oss som flygarar, som td. ved lagflyging.

Utstyrstype.
Styret har vurdert ulike radiotypar m. utstyr, og har konkludert at Radio Kenwood TH-22E er den typen som egnar seg best for vårt formål.
Radioen har fleire foremoner, bl. anna at den er den som vert benytta i dei fleste andre flymiljø. Ulempa er at den ikkje er "lovleg" å benytte, sjølv om den vert nytta innom NAK sitt tildelte frekvensband. Den er derimot lovleg benytta som amatørradio, dersom  brukar har slikt sertifikat.
Det er viktig å merke seg at kvart medlem vert eigar f.o.m. han mottek apparatet, og vert sjølv ansvarleg for bruk av utstyret.
Himmelseglarlaget har ingenting med bruken å gjere.
Som tilleggsutstyr vert radioen levert med headsett berkna for bruk i hjelm, ( Høgtalar og mikrofon er same enheit, og er så flat at den går i mellom hjelm og for i hjelmen) Tale-nøkling skjer ved hjelp av knapp som vert montert rundt ein finger ved hjelp av ein borrelås, -for enkel betjening. Meir info om radio finnast på nettstad www.permo.no. Ellers kan ein henvenda seg til Luis hvis ein har spørsmål. Han har same settet som her er beskreve.

Kostnader
Sjå avtaledokument .

Kven har anledning å få støtte?
Styret vurderer i kvart enkelt tilfelle

Er DU interessert i dette, gjer vel å send ein mail e.l. til Hugo før 20 Juni. Då vil du få tisendt eit avtaledokument til underteikning som beskriv eventuell gjeld til laget frametter, samt ein giro. Går du inn for gjeldsordning, skal denne underteiknast, og returnerast til Hugo. Vidare skal du betale inn beløpet du har bestemt deg for innan 30. Juni, og underette Hugo om dette. Dette er den formelle bekreftinga på at du vil delta i den kollektive innkjøpsordninga.

Det var det.


For styret
Bjørn Berge