Konkurransar.
Himmelseglarane hartatt mål av seg til å halde 3 konkurransar i 2005.
OG
Premien for å delta er å vere med på
trekning av denne supre Windwatch vindmålaren med temperaturmåling!
---------------------------------------------------
Retningsliner for pågåande lags-meisterskap
Målsettinga er at medlemmene i Himmelseglarane skal ha konkurransemotivasjon gjennom heile sesongen, med vekt på det uformelle, sikkerheit og flyglede.
Desse greinenet er:
Vi ynskjer å stimulere til felles flyging ved Bondalseidet. Alle distansar vert rekna frå sydstarten på Eitrefjellet, sjølv om du har starta frå vest eller aust. Når det gjeld dokumentasjon på flyturen satsar vi på ærlegheit og tillit. For at turen skal telje med i denne konkurransen må du:
Melde frå til Hans Martin hamd@hivolda.no eller Bjørn bjorn.berge@tussa.no eller Hugo fly2hugo@c2i.net
omgåande eller innan tre 3- dager etter at turen er utført dersom du ynskjer å ta del i konkurransen.. Du må då opplyse om Når flyturen vart utført, kvar du landa, km. I luftlengd og evt. Dokumentasjon vitne. Vi satsar på å legge ut resultata fortløpande på heimesidene.
Konkurransen tek til å gjelde frå 1. januar til og med 1. september.
Vi vil satse på å kjøpe inn mange og fine pokalar. Sidan klubben er omlag blakk, er det mogleg at dei som vinn ein pokal innan ei konkurransegrein, må vere med på å betale inn ei deltakeravgift for å dekke utgiftene til pokalane. Vi får håpe på at vi får inntekter via Norgescupen, slik at vi slepp det.
Styret er ansvarleg for konkurransen, men vil bruke medlemmer som ikkje har vore med i konkurransen, dersom det skulle vere situasjonar der en treng bistand for å sjå objektiv på tvilstilfelle. I tvilstilfelle der f.eks lengede distanse-forskjellen er liten, er det naturleg for "jurien" å trekke inn den nest lengste distanseturen. Ta difor høgd for å få meldt inn fleire turar sjølv om du ikkje har slått rekorden din.
Lengste flytur
Det vil seie lengst flytur med utelanding rekna frå sydstarten på Eitrefjellet. Distansen vert rekna i km i luftavstand.
Her er det totalt 8 premiar! Den som får 1. premie får ein fin pokal til odel og eige. Ingen kan vinne fleire premiar innan denne greina.
Lengst tur sørover
Dette vert ein fin og høgthengande pokal.
For at resultatet skal telje må du lande lengre syd enn Vatnesvingane
Altså alle stader som ligg like langt syd som Vatnesvingane. (sjå kartet) Her er det 1.
og 2. plass.
Største høgde.
Størst høgde med utgangspunkt frå Eitrefjelet - enkelt og greit. Her forventar vi at du tek eit foto slik at du kan dele utsikta med andre.
Lengst tid i lufta.
Her kan du også flyge konkurranse på Brekkeheia eller Rotsethornet i tillegg til
Bondalseidet.
Vi treng nokon som kan henge på utstilling og reklamere for sporten der folk ser oss, så
ver tolmodig.Ta med drikke og hugs å late vatnet før avgang publikum set ikkje
pris på "regn" ein finversdag
.
Mest spektakulære flytur.
Dette er ei open klasse der ein også kan bli nominert utan at en sjølv vil det. Her er det heller ingen tredagersfrist og det er ikkje sikkert at det vert premiering kvart år.
Lengste frie distanse mellom klart definerte vendepunkt.
Du treng ikkje lenger lande lengst mogeleg vekke frå Sydstart for å få distansetur. Tur/ retur, nesten retur, eller tur via... . Kravet er at du beskriv ei reisestrekning mellom ulike punkt, med utgangspunkt i Sydstarten. Det er den retta linja mellom desse som tel.
Hugs sikkerheita. Ta ingen sjansar for ein pokal med dumdristige sprell som kan setje deg på baken for godt eller sporten i vanry. Slikt ynskjer vi ikkje å premiere. Ta med enkeltmanspakke, nødbluss og ekstra antenne på mobilen. I tillegg bør vi utføre kompisflyging slik at vi ikkje dreg heim utan vi veit at dei andre som er med på flyginga den aktuell dagen har landa trygt ein eller anna plass. I samanheng med dette er det viktig at vi har gitt opp rett mobiltelefonnummer til oversikta på heimesidene, og at alle som flyg har tilgang til mobil-telefonnummer til dei andre.
God tur. Helsing: Hans Martin
Gruppe: Lengste flytur rekna frå sørstarten på Eitrefjellet ved Bondalseidet
| Kilometer | Namn: | Landa kvar: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon |
Gruppe: Lengste flytur sørover rekna frå sørstarten på Eitrefjellet ved Bondalseidet
| Kilometer | Namn: | Landa kvar: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon |
Gruppe: Størst høgde
| Høgd i meter | Namn: | Starta og landa: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon/foto |
Gruppe: Lengste tid i lufta
| Tid i timer og minutt | Namn: | Starta og landa: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon |
Gruppe: Mest spektakulære flytur/ open klasse.
| Stikkord for dåden | Namn: | Flaug kvar: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon |
Gruppe: Lengste frie distanse mellom klart definerte vendepunkt.
| Kilometer | Namn: | Landa kvar: | Dato evt. kl. | Evt. dokumentasjon |