Flykultur

Hang og Paragliding på Ørstahalvøya

Då flyboksane ”Bondal M –N –S” er godkjende og i drift, må reglane rundt denne avtalen med Avinor følgjast.

Forholdet vårt med tårna på Hovden og Vigra er svært godt, men det skal lite til for at dette kan verte endra. Dette kan gå ut over friheita til å flyge her. Fordi personellet på tårna må følgje oppsette reglar, er det forståeleg at også vår avtale med Avinor MÅ FØLGJAST.

Vi ber difor at alle som skal fly i området, lærer desse reglane og følgjer dei. På den måten vil vi kunne forsette å fly over og rundt desse Sunnmørsalpane ilag.

Reglar for flyging på Ørstahalvøya og kart er oppsett på nedre og øvre heisstasjon ved Ørsta Skisenter.
Kordinatar for flyboks finn du her.

 Volda / Ørsta Himmelseglarlag 12/6 2008
leiar Asbjørn Andersen

 

NB/ Kontakt tårnet på Hovden (700 41 689) før og etter all flyging i Hovden si trafikkinformasjonssone (TIZ) t.d. Brekkeheida, Rotsethornet, Oshornet.  


HUGS VIKEPLIKTREGLANE:

Ø   Vanleg høgrekøyringsregel – ein skal vike for den som kjem frå høgre.

Ø   Den som er høgast skal vike for den som er lågare.

Ø   Ein skal ikke flyge direkte over ein annan glidar.

Ø   Ved flyging på hang, skal alle svingar skje ut frå baken, og ein glidar som innhentar
 ein anna skal passere  på innsida. Ver merksam på vingetippvirvlar.

Ø   Sjå deg alltid bakover før du snur.

Ø Ved flyging i termikk, skal alle glidarar i same boble svinge i same retning som den som
      først entra bobla, uansett kven som er høgast!