Brekkeheida
Generelt
Brekkeheida som flyområde er avmerka på luftfartsverket sine kart som
luftsportsområde.
Det betyr ikkje at vi ikkje treng å varsle tårnet om flyging. Vi skal alltid
varsle tårnet uansett, då vi her ligg innanfor Hovden sitt flyinformasjonsområde
heilt i frå 3500 fot og ned i fjørasteinane.
På Brekkeheida har vi ingen rettigheiter til start/ landingsområde heimla i
kommunal regulering, -i motsetjing til Bondalseidet.Vi har satt opp pølse på Brekkeheida
utan formell rett til det.
Landingsoråda til Brekkeheida strekker seg heilt i frå øvre Brekke til marka sør om
gravplassen. Felles for alle desse alternative plassane er at vi ikkje har formell løyve
til å lande nokonstad. Det er difor viktig at vi viser hensyn, slik at vi ikkje er til
unødig sjenanse er ulempe.
Øvre Brekke:

Ut i frå episode i fjord har det kome fram at vi har overbelasta
grunneigaren på Øvre Brekke. (Gardsbruk ved Raud pil )
Formann har vore i samtale med grunneigar i år, og foreslår fylgjande:
Det er absolutt forbode å lande der når der går dyr på markane, eller når der er satt
opp elektrisk gjerde der.
Grunneigar har ellers forståing for at vi treng landingsområde, og kan akseptere dette.
Grunnregel er at vi ikkje trakkar ned høgt gras, og at vi trekker oss ut av området
snarast råd. Brukbar pakkeplass er kloss i skogholdt ved pil. Det ligg ellers i korta at
vi må spre oss litt utover på naboen på vestsida, slik at byrdene der oppe ikkje fell
på sam grunneigar. Prøv det!
Nedre Brekke.

Her er eit bra alternativ. Grunneigar har av ein eller annan grunn ståande ein streamer
som Roy Almestad ein gong nytta til MPG.
Vi vel å tolke det slik at han likar paraglidarar. Prøv denne plassen, men ikkje trakk
ned høgt gras.
Ellers er her mengdevis med landingar nedetter langs riksveien. Test ut
landingsferdigheitene, og land helst på gardsveiane.
Mosmarka.

Egentleg eit trasigt landingsområde som begynner å gro igjen. Her er også lyktestolper
som står i veia for innflyging ( Blå pil )
Jordet til venstre er ofte nytta, men det er lurt å trekke seg fort ut for ikkje å
trakke ned gras.
Lukke til.
Formannen
14.05.03