01.11.2008 Bremseprøve.
Ei stor takk til Arne Jørgensen, Alv Børre Otterdal og Asbjørn Andersen som klarte og ville prioritere tida si slik at dei kunne vere med på den viktige bremseprøva, ein dugnad vi visste ville kome og som også er heilt nødvendig for å bruke heisa.
Om vi var for få, fekk vi likevel gjennomført bremseprøva, fordi elevane på paragliderkurset som Roy heldt, var der framme. Dei og Roy sa seg villige til å hjelpe. Bukkar og takkar.
Eg skal frå Ørsta Skisenter v/Ole Flø overbringe ei stor takk for innsatsen til alle som viste interesse og stilte opp.
Asbjørn A.



