???????????????????

Eg berre lurer. Kanskje nokon kan gi meg et svar.

 

No var det i god tid invitert til dugnad med å ta ned stolar av heisa søndag. Dei som kom var Arne J.. Asbjørn L. Asbjørn A. Bjørn Br. og Alf Børre O. med lift. Og ingen andre. Hadde det våre 1 mindre så måtte vi ha forlete området med uforretta sak.

 

Det er 32 som har melt seg inn på GRHEISA. Dette har vi rimelig vis gjort for vi er interesserte i å verte frakta opp med heisa. Om det stemmer burde vi kanskje vere interesserte i at heisa er i slik stand at det Veritas kan godkjenne den. Slik at vi også kan bruke den. Her bør alle være klar over at avtalen med Ørsta Skisenter, om drift med heisgruppa, er svært unik og fordelaktig for oss alle som flyr PG.

Vi vei at det ville vere umulig å drive Ørsta Skisenteret og der med heisa utan at det var på dugnadbasis. Det vil sei at vi også må ta eit tak. I tillegg får den som er med ei viss ”betaling” for dugnaden.

 

Så spørsmål er:

Kvifor er ikkje fleire interessert i dette?

Kva kan gjerast for at dette ikkje arbeidet berre skal falle på nokre få?

Kva skal til for at du som ikkje har våre medtidligare eller i seinare tid har lyst til å stille opp på ein slik viktig dugnad?

 

Eg er fult klar over at det ikkje alltid passer for alle alltid. Men kanskje kunne ein forvente 1/3 dei eine gongen og ein annan 1/3 neste gong osv. (eller er det for mykje?)

Slik det er i dag er at omtren dei same må stiller kvar gong.

 

Kanskje kan vi bruke gjesteboka til diskusjon. (Då sjølvsagt utan å angripe enkeltpersonar.)

 

Helsing spørjande leiar. ??????????????????????????????

 

Bilder fra søndag: