Lynet sa opp avtalen mellom VØHSL og   værstasjonen i alle fall når det gjaldt vindstyrken.
Uvisst når den kjem opp igjen.
BB


Avtalen mellom Ørsta Skisenter (ØS) og Volda Ørsta Himmelseglarlag (HSL)

ang. heiskjøring på sommartid er avslutta.

Vår gode avtale med ØS og driftsleiar (DL) og HSL om bruk av stolheisa på sommartid var basert på at ØS hadde eit heislag blant HSL som var utnemnt av DL.

·        Medlemmane i heislaget skal årleg gå gjennom eit sikkerhetskurs.

·        I tillegg skulle HSL sine medlemmar minimum vere med på dugnadar med vedlikehald av heisa.

·        Dette består i første rekke av:          

·        Flytte stolane ein gong pr. år, ca 4 timar, helst like før ny vintersesong.

·        Vere med på bremseprøve, ca 6 timar. Dette er også om hausten, etter at vedlikehaldsarbeidet er utført. (oktober)

·        Demontere stolane for magnetprøving av heiswiren, ca. kvart 3.år. Ca. 3 timar. 

·        Påmontering av stolane, ca.4-5 timar.

·        Pluss eventuelle uventa ting.

·        Ein såg det naturleg at HSL også deltok på vedlikehald av huset der vi har gratis klubbrom med straum, og no også gratis breibandtilkopling.

·        Samla kan dette utgjer ca. vel 400 timar på 6 år, dvs. 70 t. pr år. Nokre år meir og andre mindre.

·        Deltek vi alle ”10-15 aktive” på det, ville det berre verte ca 5-10 timar på kvar pr.år.

 

·        Som ei ekstra ”gulrot” vart ein dugnadstime godtgjort med 2 heisturar. (pr. d.d. Kr.90,-). Dei som hadde over 15 dugnadstimar fekk eit årskort.

 

Det har vist seg at dei fleste HSL sine medlemmar i mindre og mindre grad ikkje har klart å prioritere desse få dugnadstimane når det trengst. Dette kom klart fram laurdag 26/6 når heisstolane skulle nedtakast og klubben ikkje klarte å stille med 6 personar.

 

Låsa på nøkkelboksane våre oppe og nede vert utskifta. Men dei som sa seg villige til å stille 26/6 får tildelt ny nøkkel. Dette var/er RL, AA, AJ og ABO.

 

Ny driftsleiar vert tilsett på ØS 1. august 2010. Då må vi få forhandle fram ny avtale.

 

Som leiar i HSL og som brukar av heisa seier eg meg på klubbens og egne vegne svært lei for den situasjonen vi brukarar av heisa har hamna i.

 

For Volda / Ørsta Himmelseglarlag

Asbjørn Andersen

leiar.             

                        ---------------------------------------------- 

 

NB/ Til ein forhåpentlegvis ny avtale skal framforhandlast ville det vere fint for styret i HSL om DU kunne komme med forslag om yting og gjenyting, som ein slik avtale må inneha. Eller kanskje heilt andre løysningar.

Ettersom interessa for klubbmøte har vist seg å vere lita, ser eg ikkje vitsen i å legge arbeid i å innkalle til dette.

Eg håper at du har hatt og også har så mykje interesse og glede av å kunne bruke heisa sommartid seinare at du svarer på dette.

Send din e-post til styre: as.anders@c2i.net  snarast.

5. juli 2010

AA

 

Dugnaden med nedtaking av heisstolar

vert det ikkje noko av, då for få til å gjere jobben, av medlemane har mogligheit eller interesse av dette.

Med det får vi også ta konsekvensane med å spele ballen tilbake til driftsleiaren og håper at dette ikkje øydelegg for dei for få som vist interesse og mede seg.

AA

 

Nedtaking av heisstolar.  No laurdag 26/6  Kl.0900

Veritas skal kontrollere heisveier på stolheisa på Bondalseidet. Vi då som vanleg ta ned stolane. For å gjere dett på mest effektiv og lettvint måte vil Alf Børre stile med lift. Då dette er den tida på året det er mest etterspurnad om desse, må det passe inn med at ei er ledig.

Så no laurdag 26/6 er ei lift ledig og vi/du må stille opp.

Vi let det vere att så pass mange stolar at vi kan verte frakta opp og fly etterpå.

Ring eller send tekstmelding til Asbjørn A. - 905 66 308 om du kan stille innan fredags kveld. Helst alt no når du les dette.

Vert vi ikkje nokk folk vert dugnaden avlyst og stolane får berre henge.

 

Vel møtt til dugnad for vidare bruk av heisa.

Asbjørn A.

 

Klubbmøte på Trandal AVLYST.

Den etterspurde turen til Trandal vert avlyst i år i også. Då det var berre AL, HS, SB og AA som hadde meldt si interesse. Underteikna synest at det er for få til å halde eit klubbmøte for og i tillegg belaste klubben med 4000,- t/r for 4 personar.

Vi takkar Christian Gaard Bygdetun for å halde av eit eige rom til oss og Oddvar Olsen på Sæbø som gjore ein ekstra vri for kunne frakte oss over endå han hadde fullbokka kveld.

Leiar ynskjer alle ein fin flysommar.

Asbjørn A.

 

Klubbmøte på Trandal fredag 18/6 2010

Avreise med båt  frå Sæbø seinast 1845. Dvs. 1800 frå Ørsta.

Skrivelige emne:

·        Jubileumsoverrekking

·        Meiningsytring om vårens konkurans

·        Meiningsytring om heiskjøring og flyboksar

·        Andre interessante emne som du kjem på

·         Eg tar med datamaskin og projektor for vising av bilete og film som du tar med på ein minnepenn.

Send tekstmelding til Asbjørn A. (90566308) om du vil vere  med slik at eg får ei oversikt.

Ta kontakt med AA om du treng transport eller om du kjører og kan ta med deg nokon.

Vel møtt

Asbjørn A.

 

Vi ynskjer alle velkomne til Sunnmørstreff 2010

Trass skepsis med omsyn til veret her, ser det ut til at vi kan arrangere NC i paragliding

XC, 1. 2 og 3. mai, sjølv om det mest stabile vi har her på nordvestlandet er ustabilitet.

Laurdagskvelden vert det sosialt samvær på kafeen oppe på Bondalseidet. Her vert det

servert oksesteik med blomkål, erter, gulrot, raudvinssaus og kokte poteter,

i tillegg til noko godt å drikke.

Om nokon har film eller bileteserie frå Sunnmørstreff 2008 så ta det gjerne med.

Første brifing vert på Bondalseidet v/hovudlandinga 1. mai Kl 1000.

Etterpåmelding frå 0930 same stad.

Vi ynskjer deg og dine vennar velkomne til Sunnmørstreff 2010.

 

Stemneleiar

Asbjørn Andersen

905 66 308

as.anders@c2i.net

 

 ”Vel blåst”

X2 Festivalen vil takke Himmelseglarane og dei som var med på dugnaden med å førebu og gjennomføre X-air og X-akro 2010

X-air :

Hugo Svanøy som tok på seg ansvaret som stemneleiar.

Allan Eriksen som var villig til å stille som landingsdommar.

Asbjørn Andersen som ansvarleg for forarbeidet.

X-akro :

Asbjørn Andersen som stemneleiar og ansvarleg for forarbeidet.

Svein Bjørneseth som var startar oppå Rotsethornet heile dagen.

Arne Ch. Jensen som hjelpte til med PA-anlegg og var sjef-filmar av øvingane.

Hans Martin Djupvik som altmuligmann.

AA

 

18.04

På s. 33 i Fri Flukt 1/2010 er der feil dato på første brifing på X2-air på Bondalseidet.

Korrekt er: Brifing laurdag 24/4 Kl.1000 ved hovudlandinga. Etterpåmelding frå Kl. 0930

AA

 

16.04
Flygeresultat Himmelseglarane 2009
Du finn dei under fane konkurransar, og deretter øverst oppe på sida. Litt forsinka...
BB

04.03
NC-2010, X-air og X2-acro.
Linkar til invitasjonar, og dugnadslister for Nc-2010 finn du på menyen til venstre.
AA

08.02 Revidert.
ÅRSMØTE i Himmelseglarane
Klubbmøte og årsmøtet vart helde i sømelege former, og avslutta med pizza hvis kokken ikkje hadde reist kl. 20:30. :-D
Om du lurer på kva verv DU fekk, kan du gå inn på styre og stell og sjå den endelege og reviderte lista.
Årsmelding for 2009, og oppdaterte medlemslister  ligg under styre og stell.
Vidare er klubbmøtereferatet lagt ut under Klubbmøter.
BB

03.02.

ÅRSMØTE i Himmelseglarane

Val er hovuposten på Årsmøtet. Valnemda har sikra kandidatar til tre av hovudpostane til styret. Formann, Nestformann og Kasserar.
Dei andre postane vert tatt etter nominasjon på Årsmøtet.
Fråvær på årsmøtet gir ikkje vern mot å få verv.

Valstyret ved Bjørn.


02.02.

ÅRSMØTE i Himmelseglarane

FREDAG 5/2 på Volda Turisthotell Kl. 1900
Vi startar med klubbmøte Kl. 1800 med utlevering av klubbjakke og t-skjorter.
Ta med kr. 500,- eller betal inn på konto 3992 40 22950. Merk innbetaling med namn og klubbjakke.
Vi får og eit ”referat” frå Mexicofararane før årsmøte.

Årsmøte:
I tillegg til vanelege årsmøtesaker som bla. årsrapport, regnskap, klubbkontigent, budsjett og val er der ei sak om tandemkontingent og eventuell endring av tandemreglar som har med tandemkontigenten å gjer.
Det har elles ikkje kome opp noko saker frå medlemmane innan fristen. Dermed der det inga fleire saker enn det styre legg fram som vert teke opp.

VEL MØTT
Helsing
Asbjørn Andersen
leiar


16.01.
Støtt sjukehussaka i Volda.
Gå inn på www.folkeaksjonenforvoldasjukehus.com og registrer di støtte.
Som himmelseglar må det være å foretrekke kort og effektiv behandlingstid,
enn å verte liggande i 6-dagars behandlingskø på Åse sjukehus.
AA

GOD  JUL
Styre og dei andre medlemmane i Himmelseglarlaget ynskjer
deg ei rektig GOD  JUL og eit GODT NYTT FLYÅR
For oss alle.
Asbjørn A

 

Årsmøte i  ”Volda/Ørsta Himmelseglarlaget”

skal haldast fredag 5/2  2010.

Stad og klokkeslett kjem seinare.

Har du ei sak som du vil ha opp på årsmøte må den vere styre i hende

seinast 23. januar. 2010

Send den som e-post til:  as.ander@c2i.net og merk den med ”Årsmøtesak”.

Det vert ingen andre påminningar om dette.

Husk å betal din kontingent slik at du kan utale deg og stemme på årsmøte.

For styre

Asbjørn A.

 

Klubbjakke og t-skjorte

Om du ikkje var på klubbmøte fredag kan du endå bestille klubbjakke og t-skjorte om du er rask.

Eg har sendt ut e-post til alle medlemane om det. Så opn e-posten din og les.

Asbjørn A.

 

Klubbøte og styremøte

på møtelokalet til Bovlinga i Ørsta FREDAG 20/11-09 Kl. 1900. (Førstkomande)

Her skal vi ta ut klubbjakke og t-sjorte. Vi skal ta opp besteilling. Så MØT OPP og finn ut kva størelse du skal ha.

Har du bilete eller anna som vi kan mimre om så ta det med på minnepenn.

Vi avsluttar med å teste den nye resturangen over Bovlinga.

Vel Møtt

AA

 

29.10.09

Klubbmøte….
på Volda Turisthotell fredag 30/10 Kl 1900.
Referat frå styre som møtes kl 1800  same dag og stad.

Kva med klubb t-sjorter og jakker???

Mimring frå dei få GODE flyturar i sommar/haust. I tillegg må vi nokk ta med tidligare gode turar også. Ta med ferske og gamle gode filmar og bileteminnepennar.

Vi satsar og på pitsa med noko godt att åt.

Vel møtt.

Asbjørn A.

 

03.08.09

Kvalsvikdagane

Laurdag 8. August tek vi med oss paraglidarane ut til Kvalsvika.

I fjor var det ikkje mange som trudde at vi kunne flyge der. Men det viste seg å være totalt feil. Vi 7 som var der fekk oppleve ein fantastisk flydag.
-Og ein fantastisk velkomst etter at vi hadde landa. Håper at fleire vert med i år. I år vil arrrangørane stille med bærehjelp.
set av Laurdagen og vert med.
Ta kontakt med AA for samordning av transport.

 

 

25.06.09

Klubbtur til Trandal.

Fredag 26.06.09 møtes vi på Sæbø kai kl. 18:00

Der vil Frank storeide ta i mot oss..

Fagleg: Alfred invormerer om sikker flyging som var teme fra fagmøtet i Oslo som vart helde i Oslo i samband med HP årsmøte.

Sosialt: I tillegg til mat og drikke som er å kjøpe på staden, no du gjerne ta med  bilder og film som vi kan mimre over.

Ta kontakt med AA for transport t/r Sæbø.

AA

 

08.05.09

SUNNMØRSTREFFET er avlyst.

Dårlege vær-prognoser er årsaka til avlysinga.

Asbjørn Andersen.

 

X-air

Vi oppmodar flest mogeleg av Himmelseglarane til å delta på X-air og og Sunnmørstreffet.

Kanskje kan vi arrangere fleire konkurransar, slik at vi til hausten kan legge saman resultata og kåre ein klubbmester...?
AA 30.04.09

 

KLUBBMØTE fredag 24/4 Kl.1930
Istanbull i Ørsta, der vi var etter vinmøte.
Etter orientering frå styre vert det gjennomgang av oppgavene under X-air den1-2/5 og Sunnmørstreff 2009 den 9-10-11/5. Dei aller fleste oppgavene er fordelt, så det er ikkje farleg å møte opp. Dei som har teke på seg dei forskjellige oppgavene BØR / MÅ møte for å vite kva oppgåva skikkeleg går ut på. Her kan også vere ting å diskutere for eventuelt å endre opplegget slik at konkurransen og det sosiale under treffet vert best mogeleg. Det ville vere lurt at du las gjennom reglane for NC-pg dp denne sida: http://www.kkpg.no/index.php3?id=656 før møte.

Elles vil der vere tilgang på projektor, slik at du kan ta med minnepen med film eller bilete for felles glede.
Håper at du som les dette vil kome på klubbmøte.

Asbjørn A.

 

09.04.09
Invitasjon til X2-air i venstre menyfelt.

05.04.09
Oppdatert Invitasjon av Sunnmørstreff 2009 på heimesida.

14.03.09

KLUBBMØTE
Invitasjon til alle som er interessert i hang- og/eller paragliding.
Årets mest fantastiske flysesong, våren, nærmar seg (heldigvis raskt).
Himmelseglarane sitt klubbmøte fredag  20. mars Kl. 1900 på Hotell Ivar Aasen i Ørsta vil Werner Johansen komme og snakke om termikk- og distanseflyging.

Alle som tidligare har høyrt Werner snakke om vår fantastiske sport, FLYGING, veit kor engasjerande og inspirerande han er. Dei som endå ikkje har høyrt han før, bør også komme og få oppleve inspiratoren og legenda Werner Johansen.

 

01.03.09:

Da har eg registrert mitt spillerkort hos www.norsk-tipping.no på grasrothandelen og oppmodar alle som kan om å gjere det samme. 5% av all omsetning en spiller gjer (innsats) vil då komme inn på konto til Himmelseglarlaget. Spillerkortet må linkes mot Volda & Ørsta Himmelseglarlag, du vil bli påminna om dette når du spelar neste gong. Spre ordet vidare!

Mvh Bjørn Brudevoll

 

28.02.09:

Vis du var på vinkvelden og ikkje betalte kontant må du sette inn kr 150 på kontoen til laget: 3992 40 22950 Mvh Bjørn Brudevoll

 

 

12.02.09:

 

KLUBBMØTE 1-09

Det vert klubbmøte på kantina til ØB.rør  fredag 27/2 Kl. 1900.

Inngang ved heisa ved Rust Club & Scene, Strandgata 5 Ørsta.

Emne:

Ø      Orintertng frå styre, med aktivitetspalner for 2009.

Ø      Vinkveld med Eldar Rune Øye

Ø      Seinare kanskje over til Istanbull for ein matbit.m.m.

Til vinkvelden må vi ha påmelding då varer skal innkjøpast. Pris pr. person er Kr.150,- som ein betaler på møte. Ta gjerne med ein venn/venninne sambuar el.

Påmelding til AA ved ringing, melding eller aller helst e-post as.anders@c2i.net .

Vel møtt.

AA.

 

 

 

08.01.09:

 

Ny  ÅRSMØTEINNKALLING  I  VOLDA / ØRSTA  HIMMELSEGLARLAG

Årsmøte vert halde Fredag 23. Januar 2009 Kl. 1900 på Volda Turisthotell.

Vanlege årsmøtesaker + eventuelle saker som kjem inn til styre.

Om du har ei sak som du vill ha opp på årsmøte er ny frist for innsending til styre v/ as.anders@c2i.net sett til 16/01 -09.

Vel møtt

AA

 

 

 

29.11.08:

 

ÅRSMØTE  I VOLDA / ØRSTA HIMMELSEGLARLAG

Det vert årsmøte i Volda Ørsta Himmelseglarlag fredag 16. eller 23. eller 30. jannuar, alt etter kva tid vi får lokaler  m.m.

Det vil sei om du har ei sak som du vil ha opp på årsmøte må vere styre v/leiar i hende seinast 5. januar.  Send den over e-post til:  as.anders@c2i.net

Vi kjem tilbake med konkret dag og tid seinare.

Godt Nytt Flyår

Helsing Asbjørn A.

 

 

 

 

23.11.08:

KLUBBMØTE 

Vi samlast på Volda Turisthotell Torsdag 27/11 -08  Kl.1900  

Vi ynskjer nye medlemmar velkomne. Både kurselevar og medlemmar frå Eid Paraglideklubb.

 

Nytt frå styre. Kartplakat v/hovudlanding. Saker til årsmøte? Årets flysesong. Flysesongen 2009? Mimring. Mat og drikke.

 

Vi andre vil sette stor pris om DU finner fram bilete frå din, dine kjekkaste turar i 2008. Kan du og lage eit kartbilete m/trekkloggspor vert det skikkeleg stas. Legg alt på ein minnepenn så får vi mimre i lag med deg over turen/turane dine.

Gjer alle dette vert det ein fantastisk flykveld i styggeveret.

 

Asbjørn A.

 

 

 

08,11,08:

TANDEMSKJERM

På styremøte 4/08, Sak 23-08 vart det bestemt at tandemskjermen skal flyttast frå buda til Asbjørn Langstøyl til heimen til Elias Mårstøyl i Volda. Ring han på 98 28 78 53 for å "booke" skjermen, og avtal henting der. Utstyret skal leverast tilbake der i tørr og OK. tilstand. Vi takker Asbjørn Langstøyl for husromet som han har gitt til disposisjon, og grunnen til flyttinga er at Elias har sagt seg villig til å holde kontroll med booking og innbetalinger av skjermen.

 

Styret.

 

 

08.11.08: Nytt under nytt. Bjørn Brudevoll

 

 

29.10.08: ATTENTION!!!  Kanskje vert det bremseprøve på førstkomande søndag, og det vert sendt gruppemelding når eit veit om det blir. ATTENTION!  Alle blir oppmoda om å melde seg på vis/når meldinga kjem. Bjørn Brudevoll

 

16.09.08: Alfred er på tv2 nyhetene i kveld klokka 2100. Vis du ser på webtv er det reportasjen på slutten i sendinga. Bjørn Brudevoll

 

13.08.08: Sida til NC Acro i Dalsfjorden er oppdatert av Arne Christian på linken til venstre. Bjørn Brudevoll

 

04.08.08:

DEMOFLYGING laurdag 9/8-08 under KVALSVIKDAGANE

 

Då du som klubbmedlem valde meg som styreleiar, bad du meg dermed om å ta ein del avgjersler på klubbens vegne (og dermed også dine vegne). Den 26/5-08 fekk eg spørsmål om Himmelseglarane kunne fly demo under Kvalsvik-dagane 9/8-08, dvs. komande laurdag, noko som eg sa JA til. Det var hentyda at dei skulle prøve å få til helikopterløft opp på eit av fjella der ute på øya. Eg orienterte han om kor ver- og vindfølsome vi var.

Eg håper at dei av Himmelseglarane som ikkje skal gifte seg eller delta på NC -prøver, stiller på oppdraget. Kjem tilbake med nærmare info om avreise m.m. seinare når eg veit meir.

 

Helsing Formann AA

 

11.07.08: Flystedet Bondalseidet er oppdatert under flystader, samt lagt inn en del bilder fra dugnad på kafeen. Send meg bilder fra sesongen vis du vil ha dei på sida! Bjørn Brudevoll

 

Til alle som skal fly på Ørstahalvøya; sjå oppdatert info om Bondalseidet på linken flystader.

 

 Då flyboksane ”Bondal M –N –S” er godkjende og i drift, må reglane rundt denne avtalen med Avinor følgjast.

 Forholdet vårt med tårna på Hovden og Vigra er svært godt, men det skal lite til for at dette kan verte endra. Dette kan gå ut over friheita til å flyge her. Fordi personellet på tårna må følgje oppsette reglar, er det forståeleg at også vår avtale med Avinor MÅ FØLGJAST.

 Vi ber difor at alle som skal fly i området, lærer desse reglane og følgjer dei. På den måten vil vi kunne forsette å fly over og rundt desse Sunnmørsalpane ilag.

 Reglar og kart er også oppsett på nedre og øvre heisstasjon på Ørsta Skisenter.

 

Volda / Ørsta Himmelseglarlag

    v/leiar Asbjørn Andersen

               12/6 2008

 

 

19.06.08:

Klubbturen i år blir til Vågå 1-3. August, og eg har reservert ei 8 manns hytte til helga (700,- pr natt) ei kort distanse frå Rikssenteret (Holungsøy camping). Vi kan også få ei 4manns i tillegg ved sida av hvis vi treng det. Venligst gi beskjed om du vil være med. Det er NC cup same helga, og Arne Hillestad ynskjer oss velkomne, og beklager vi ikkje kunne bruke sjølve rikssenteret. På grunn av dette må vi også være kjappe med å reservere ekstrahytta dersom den trengs slik at alle får soveplass og ikkje må ty til para-hengekøy.

Påmelding til Alfred: diamias@gmail.com

 

Mvh

 

Alfred

 

 

10.06.08:

Siste KLUBBMØTE før ferien.

 

Vi prøver denne gongen Rokken i Volda,  på fredag 13/6   Kl.1900

 

Ø      Det ville vere fint om DU kunne møte, då vi blant anna skal ta opp korleis kvar enkelt av oss oppfatta forskjellige deler av Sunnmørstreffet 2008 inklusivt det sosiale. Dette vil lette arbeidet neste år, då pilotane som var på besøk, forventar at vi også neste år skal arrangere NC/PG distanse.

Ø      Det vert og eit kort referat frå styret.

Ø      Vi SKAL på klubbtur også i år. Har du forslag på stad og tid? Kva tid passar det eller ikkje passar det deg? Alfred har ansvar for opplegget.

Ø      Korleis legge opp dugnader på heisa, kafeen og utfor klubbromet før vinteren kjem?

Ø      Har du bilete / film frå seinare flyging, vil vi andre gjerne sjå dei. (AA prøver å huske på å ta med datamaskin)

Ø      Håper at Roy sin Mexicofilm vert ferdig til dette møte.

Ø      Elles kan Rokken servere både mat og drikke.

 

NB/ Ørstingar kontaktar AA slik at vi brukar færrast mogelege bilar. (Husk miljøet og ?????[siste punktet])

NB2/ Er det nokon som har venner – kjerringar - sambuarar eller venninner som kan tenke seg å vere med på møtet eller det som skjer etterpå, vil vi alle ta hjertelig imot dei.

 

AA

 

25.05.2005: Alle som ikkje har levert tracklogg for Task3 i dag må levere den innen 2000 i morgen 26.05. Har du ikkje levert for task1 og 2 så må du sende den og til bjorndb(Alfa)online.no

 

Har også en del kabler til instrumenter som savner eier. Til en trainer og en til. Gi lyd fra deg du som var så vennlig å låne den til oss. Ronny Helgesen sine utlånte kabler er straks i posten

 

23.05.2008: Foreløbige results på Sunnmørstreffet 2008 linken. Bjørn Brudevoll

 

21.05.2008: Liste over forhåndspåmelde på Sunnmørstreffet 2008 linken. Bjørn Brudevoll

 

19.05.2008: Mat og underholdning under sunnmørstreffet 2008 linken. Bjørn Brudevoll

 

14.05.2008: Kart,punkter + kursinfo under sunnmørstreffet 2008 linken. Bjørn Brudevoll

 

06.05.08: All info om "Sunnmørstreffet 2008" Norgescup PG er oppdatert. Bjørn Brudevoll

 

30.04.08: Ny værlink pent.no under "vær". Metrologisk institutt fjerna sida den er den samme som Yr.no. Bjørn Brudevoll

 

26.04.08: Vi er invitert til vetenløpet i Bremanger 12.juli.

 

Fra mail som eg fikk 23.04.08:

 

Løpet er eit årvisst arrangement som kvart år samlar vel 400 deltakarar.
Løpet startarGrotlesanden og går ca 5 km opp på ein fjelltopp vest på
Bremangerlandet.

Himmelsegling kan føregå frå ein anna topp med landing på sandstranda.
Startpunktet vil då vere Steinfjellet (638 m.oh.) der fjernsynssendaren
(Bremangersendaren) ligg. Dit opp går det biloveg/bomveg som kan opnast i
særskilde høve.

Det hadde vore kjekt om de var interesserte i ein dag med
oppvisning/marknadsføring her hos oss. Vi har førebels ikkje noko miljø for
eller større aktivitet når det gjeld slik sport.

 

Påmelding interesse: mail til Asbjørn Andersen

 

Bjørn Brudevoll
 

 

12.04.08: Linken til Termikkvarselet er no oppdatert. Bjørn Brudevoll

 

05.04.08:

Klubbmøte på Volda Turisthotell FREDAG 11/4 Kl.1900

 

Vi går no vår flyseong beste tid i møte og veit at termikkdemonane kan vere svært aktive. Noko som vi liker, men og bør ha respekt for. Difor har vi på dette klubbmøte emne:


Korleis møte VÅRTERMIKKEN på ein sikker og effektiv måte.

 

Vi får besøk av Olav Kant frå Hardanger PG-klubb som vil ta for seg dette emne. Han er medlem i HP si faglige ledergruppe med ansvar for operasjon/sikkerhet. Dei fleste av oss kjenner han for Fri Flukt si ”Sikre side PG”.

 

Styre håper at dette kan vere med å inspirere våre pilotar til å hente maksimalt ut av termikdemonane på ein sikker og god måte , og på den måten kan få dei høge, lange og fantastiske flyturarane vi drøymer om.

 

Vi inviterer og klubbane rundt oss til å delta med flest mogelege pilotar.

Invitasjon er sendt til:

Førde Luftsportsklubb, Eid pg-klubb, Stratus pg-klubb, Norvest pg-klubb, Ålesund pg-klubb og  Romsdaltindandane pg-klubb.

 

Vel møtt

AA.

 

25.03.08: Etter et 60 talls telefonsamtaler, omfattande etterforskning, mykje haudebry ovedreven bruk av kaffi kan eg herved opplyse om at det vert nødskjermpakking på  Vikemarka skule i Ørsta komande Fredag 28.03.08 klokka 20.00 En gylden muligheit til å pakke om nødskjermen, eller ta den årlige sjekken av PG`en før sesongen byr på distanser.  Bjørn Brudevoll

 

23.03.08: Nytt Forum/gjestebok oppretta av Håvard. Bjørn Brudevoll

 

19.03.08: Dugnadslister fra NC Ansvarleg Elias her Bekreft/Avkreft til Elias på mail eliama@online.no    Bjørn Brudevoll

 

 

22.02.08:

Eg treng gode bilder som skal brukast til jubileumsbrusa. Fint om dei som har gode bilder sender disse til meg på epost. Eg er ute etter eit bilde av pilot med vinge, og som strålar glede og positiv energi. Send bilde til meg å få det trykt på 500 brus!

Takkar og bukkar!                Elias Mårstøl

 

20.02.08: Elias er NC distanseansvarleg og ønsker at folk melder seg til dugnad på jobbane på NC-PG 2008. Kom med ønske om kva du vil gjere. Ring eller mail Elias. eliama@online.no Bjørn Brudevoll

 

11.02.08:

KlubbmøtePorse i Volda FREDAG 15/2 KL.1900

 

Orientering frå styre, ynskje frå deg om kva du vil ha på klubbmøta og andre aktuelle emner.

Det vert fortalt og vist bilete frå Mexico-turen til Roy, Roger og Asbjørn. Håper og at om Roy har fått ny jobb har han hatt mogelegheit til å redigere alle dei fine filmopptaka han gjore i Mexico og viser dei.

 

AA

 

26.01.08: Som mange veit er det oppretta en interessegruppe for rotsethornvegen, som skal drive dette fram til å bli et selskap som skal bygge  og drive vegen opp. Dei ønsker seg no fleire medlemmar, for at vegen raskast mulig skal bli ein realitet. For å bli medlem kan du betale inn ein kontigent på kr 500.- til konto: 3991.05.44814 og merk med navn. Pengane vil gå til utstyr/materiell som denne dugnadsbaserte gruppa treng. Bjørn Brudevoll

 

13.01.08: Årsmelding for 2007 og Nytt Styre under styre/stell. Bjørn Brudevoll

 

Asbjørn Andersen melder om at vi har fått tildelt "Sunnnmørstreff 2008" NC distanse PG 24og 25 mai 2008

 

 

Årsmøte på Volda turisthotell fredag 11/1 2008  Kl. 1900            

Saker som du vil ta opp på årsmøte må være styre i hende innen fredag 28/12-07.

Valnemd for komande årsmøte er leiar Bjørn Berge, medlem Magnus Vassbotn og vara Tomas Hansen. Forslag til valkomiteleder skal være han i hende innen torsdag 10/1-08

 

BASIS-LOVNORM FOR IDRETTSLAG (Vedtatt av Idrettsstyret 28.11.2007) finn du på : http://www.idrett.no/t2.aspx?p=18965

 

God Jul og Godt Nyttår

Helsing styre i V/Ø HSL.

20.11.07: Det vert klubbmøte på Volda turisthotell fredag 23.11 klokka 1900. Ta med Bilder og film! Håper vi får en bildesnutt fra spania... (styremøte fra 1800 på samme sted).Bjørn Brudevoll

18.11.07: Tips under nytt! Bjørn Brudevoll

16.11.07:  Bilder under nytt. Bjørn Brudevoll

22.09.07: Bilder under nytt. Bjørn Brudevoll

18.09.07: Bilder under nytt. Bjørn Brudevoll

12.09.07: XC-KURSKVELD MED RONNY HELGESEN
Stad: Viking fjord hotell laurdag 22 sept. kl. 17:00 

link

Roy

20.08.07: Melding fra Formannen under nytt. Bjørn Brudevoll.

06.08.07: Bilder fra Geirangerturen i helga under nytt. Bjørn Brudevoll

25.07.07: Dugnad under nytt. Bjørn Brudevoll

12.07.07: GEIRANGERTUR

Klubbtur til Geiranger 3-5 august, flyging frå dalsnibba med nesten 1500m høgdeforskjell på start og landing! Har booka ei leiligheit på Fossen camping, klubben sponser overnatting med 2000.- på gruppa som stiller. Ta kontakt med underteikna om du ønsker å være med. Roy 990 43 911

05.07.07: Bilder under nytt! Bjørn Brudevoll

Og ei melding fra styret:

Om Sunnmørstreffet ikkje ga det overskuddet vi busjetterte med er det framleis muligheit til å støtte medlemmane med innkjøp av "flyradioer" Kontakt Hugo slik at vi kan samle ei bestilling.

Då vi uoffisielt har fått dei 3 flyboksene har vi verkeleg bruk for kommunikasjon mellom pilotane, og der med bør alle som flyg i dette områder skaffe seg det.

I tillegg bør flest muleg også ha muligheit til å bruke mobiltelefon i lufta.

 

Helsing styre.

14.06.07: KLUBBMØTE førstkommande fredag kl. 19:00 i Sparebankens møtelokaler i Volda. Ta med film/bilder, tidspunkt for turar  samt gjennomgang av rutiner for rapportering av flyaktivitet til Lufttrafikktenesten er nokre tema. Roy

04.06.07: Bilder under nytt Vi vil også sette ei stjerne i margen til Bjørn Berge for å ha laga og montert opp ny vindpølse på Brekkeheida!   Bjørn Brudevoll

28.05.07: Dynamisk oppdatering av heisførerliste også på wap. Roy

10.05.07: Nytt under nytt. +div nye retninglisnjer for heisdrift av Arne Jørgensen under "heisdrift". Bjørn Brudevoll

07.05.07: Det vert nødskjermpakking på Vikemarka skule i Ørsta i morgon tysdag 8/5. Vi byrjar klokka 1800. For kart bruk www.gulesider.no Finn du ikkje inngangen på nedsida til gymsalen so ring meg på 48882599. Bjørn Brudevoll

02.05.07: Div feil-linka epostadresser fiksa+heisførarane står no nede til venstre på sida. + nokre bilder under nytt. Bjørn Brudevoll

30.04.07: Der vert klubbmøte på Vikingfjord hotell førstkomande fredag 4/5 kl.1900. Emnet vert termikkskruing og distanseflyging.

28.03.07: Bilder frå søndag 25 mars er lagt ut her
Roy

23.03.07: En strålande dag

Bilder frå dagen er lagt ut her
Roy

13.03.07: Sikkerhetsdag

Det er noken av medlemmane som ønska seg sikkerhetsdag til ompakking av nødskjerm, kast av nødskjerm og sjå over utstyret. Er noken interresert i en slik dag so ta kontakt pr tlf eller mail so får vi vite kor mange som kjem, håper mange kan stille. Datoen blir annonsert her og den kjem vi tilbake til. Bjørn Brudevoll

KLUBBMØTE med ÅRSMØTE

på Porse i Volda fredag den 9. mars Kl. 1900

 

Årsmøte har ei sak: BUSJETT 2007.

 

Etter det er det klubbmøte der det vert orientering om kva styre har gjort sidan sist og orientering om flyboksane som endeleg er eit faktum. I tilleg vert førstehjelpsmappene utdelt til dei som deltok på førstehjelpskurset i 2006. Ta med bilete og filmar då vi kan få vere inne på auditorie på Porse.

 

Asbjørn A.

12.02.2007:  Invitasjon til Norgescup i distanse ligg under NC-PG linken. Utarbeida av Arne Christian, Roger (tekst) og Hugo (bilde)
 Bjørn Brudevoll

10.02.2007: Bilder fra dagen under nytt. Bjørn Brudevoll

26.01.07: Styremøte i neste veke. Er det noke DU ynskjer tatt opp som sak, - ta kontakt med Formannen snarast. AA

22.01.07: Styrelista oppdatert, -og medlemsliste (kilde: MelWin). Bjørn Berge
05.01.07: Årsmøte!
Årsmøte vert halde i Sparebanken sine lokale i Ørsta, -i andre høgda.
Møtet finn stad 19.1.07 kl. 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Eventuelle innmelding av nye årsmøtesaker må være styre i hende innan Mandag 15.
Er du sugen på høgt akta verv, ta kontakt med valnemda v. Bjørn eller Arne Jørgensen.
Valnemda kjem ikkje til å ta kontakt med alle som vert foreslegne til verv.
Bjørn Berge.